Av: Olve Grotle, stortingsrepresentant (H) i Sogn og Fjordane

Det må bli konklusjonen sidan Erling Sande, etter å har blitt utfordra på det, nå viser til heilt andre fråsegner frå Høgre. Det Sande nå kjem med viser dessutan berre det som har vore høgrepolitikk i lang tid: At det bør skje fleire kommune-samanslåingar der dette er naturleg og ønskjeleg. Vidare at Høgre er positiv til EU og sjølvsagt vil delta aktivt i eit ordskifte om EU, men at partiet ikkje har tatt initiativ til eller meiner det hastar med noko søknad om EU-medlemskap nå.

Dei to innlegga til Sande gir altså ei misvisande bilde av Høgre, men fortel oss derimot kva vi kan venta oss frå Senterpartiet i den kommande valkampen. Senterpartiet sin polariserande valkamp for 2 år sidan handla som kjent mykje om by mot distrikt, og Norge mot resten av verda. Partiet skulle få slutt på sentraliseringa, idealet var småkommunar, det skulle bli tenester nær deg, reformer skulle reverserast, dieselprisen skulle ikkje stige, og det skulle sikrast nasjonal kontroll over kraftprisane m.m.

Og nå er det altså ny valkamp, og i Erling Sande sine innlegg om Høgre er strategien godt synleg. Først prøver stortingsrepresentanten å skape eit motsetningsforhold mellom det Høgre meiner sentralt og det som vi i distriktet her meiner gagnar oss. Så blir det igjen spelt på det nasjonale; Norge mot resten av Europa.

Problemet til Senterpartiet er at folk har sett at det ikkje har blitt noko av dei store valløftene til det gamle distriktspartiet. Regjeringa sin politikk fører til meir sentralisering, reversering av reformene er knapt ønska av nokon og har berre resultert i nokre få endringar kor regjeringa har brukt 100-tals millionar kroner, statlege arbeidsplassar har blitt flytta til Oslo ikkje frå, den lovde nasjonale kontrollen med kraft og prisar har det ikkje blitt noko av, og næringslivet vårt har fått ny distriktsskatt (lakseskatt), dobla formueskatt, innleigeforbod og ny arbeidsgivaravgift.

I dette bildet hjelper det lite at Erling Sande skryter av satsinga på gratis ferjer, bygdevekstavtaler og at flyprisane visstnok skal gå ned. At Sande lar vere å nemne at Høgre i staden for gratisferje for dei få, heller vil ha reduserte ferjetakstar for dei mange og dertil bedre ferjetilbod, får vi heller godta i eit politisk innlegg.

Forutan at veljarane har sett at Senterpartiet ikkje har levert i regjering, trur eg at partiet òg vil merke at dei har gått lei den splittande retorikken. Partiet skal heller ikkje sjå bort frå at hendingane i Europa dei siste to åra har gjort at tidlegare senterpartisympatisørar òg har fått eit meir positiv bilde av EU, og at eit godt og tett europeiske samarbeid er viktigare enn nokon gang.

Over sommarferien startar valkampen for fullt. Eg håper den kjem til å handle mykje om lokale og regionale saker, og at dei lokale kandidatane får høve til å vise kva dei meiner og står for. Det vi derimot ikkje treng er valkamp-retorikk som handlar om at vi som bur i gamle Sogn og Fjordane står i eit slags motsetnadsforhold til resten av landet, og heller ikkje at Norge er tent med åleinegang i Europa.