Av: Olve Grotle stortingsrepresentant for Høgre i Sogn og Fjordane

Erling Sande framstiller det som at ny kommunereform og ny søknadsprosess om EU-medlemskap har vore dei viktigaste sakene for Høgre denne våren. Det er ikkje riktig. Vidare set han eigne påstandar i hermemeteikn for å få lesarane til å tru det kjem frå Høgre. Det er uryddig.

Når det gjeld kommunereform meiner Høgre som før at det framleis ligg til rette for større og sterkare kommunar nokre stader, og at lokalpolitikarar gjerne må ta ein naboprat der det ligg til rette for det. At desse har fått «marsjordre» om naboprat som Sande skriv, er derimot ikkje riktig.

Erling Sande hevdar så i innlegget sitt at dei nye kommunane har ført til auka sentralisering og auka byråkrati, og meiner vel med det at han helst såg at dei nye kommunane i regionen vår òg blei reversert. Her vil eg tilrå Sande å ta ein prat med SP-ordførarane i Sogndal og Sunnfjord og SP-fylkesordføraren i Vestland, som nok vil fortelje ei anna historie.

Det er Høgre sitt syn at i staden å bruke 100-vis av millionar kroner på reversering av kommunar og fylkeskommunar, burde Senterpartiet lagt bort det forelda reverseringstankegodset sitt, og heller vere opptatt av å bygge gode og moderne lokalsamfunn. Dette gjeld òg dei tillyste reverseringane av politi- og domstolsreforma, sjølv om desse valløfta til Senterpartiet i praksis nå har smuldra bort av seg sjølv.

Når det gjeld EU har krigen i Ukraina, større global uro og uvisse, miljø- og berekraftpolitikken og den amerikanske Inflation Reduction Act gitt EU meir relevans, og gjort oss meir avhengig av det store europeiske samarbeidet. Dette har etter kvart blitt ei meir og meir allmenn oppfatning, og Høgre har som kjent lenge vore positiv til EU. Høgre har derimot ikkje tatt til orde for noko nye søknadsprosess, slik Erling Sande hevdar. Det vi derimot har advart sterkt mot er Senterpartiet sitt ønskje om åleinegang i Europa, og at EØS-avtalen skal settast i spel.

Høgre har i vår laga ny og god og politikk på fleire område. Sjølv har eg mellom anna vore involvert i Høgre sin nye mineralstrategi, som vi lanserte under eit besøk hos Nordic Mining på Engebø. Vi har vidare lagt fram:

· Ein rapport om samarbeidet mellom det offentlege og private for å sikre kvalitet og mangfald i helsetenesta.

· Ein plan for betre psykisk helsehjelp

· Ein 100-punktsplan for god integrering

· Ei ny ungdomsskulereform med fokus på meistring og læring for alle elevar

· Ein rapport om å nedkjempe fattigdom

· Ein rapport om Høgre sine forventningar til Forsvarskommisjonen

Vi har òg lagt fram ei rekke representantforslag. Til dømes om styrking av pasienttryggleiken, forslag om å skape eit meir demensvennleg samfunn, om førebygging av og meir kunnskap om valdeleg ekstremisme og radikalisering, forslag om å motverke negativ sosial kontroll, ny bustadpolitikk og ny realfagsstrategi. Lista er endå lenger. I tillegg har vi lagt fram våre alternative budsjett og stilt hundrevis av spørsmål til regjeringa. Alt dette er viktige saker for distrikta og regionen vår.

For oss som er særskilt opptatt av distrikta er det ei sak som har vore særleg viktig dei siste 10 månadane. Ja, faktisk har den vore dominerande i det politiske ordskiftet heilt sidan 28. september i fjor. Her har stortingsrepresentant Sande frå det gamle kyst- og distriktsfylket vore heilt fråverande, bortsett frå eit avisinnlegg kor han støtta regjeringa.

Over natta gjekk nemleg Senterpartiet frå å vere ein sjølvoppnemnt garantist for at havbruksnæringa vår ikkje skulle få ein ekstraskatt, til å bli ein pådrivar for at den viktigaste næringa langs heile kysten skulle få ein særskilt lakseskatt på heile 40%. Trass i at dette ville gi ei total skattebyrde på 80% til over 100% skatt, og trass i eit omfattande senterpartiordførar-opprør, stod Senterpartiet på sitt og erklærte at det berre var aktuelt med bagatellmessige endringa.

For i det heile tatt å få saka gjennom i Stortinget, måtte det gamle «distriktspartiet» Senterpartiet likevel til slutt godta at særskatten på denne distriktsnæringa blei redusert til 25%. Høgre har på si side heile tida vore klar på at den nye lakseskatten vil gi havbruksnæringa alt for høg skattebyrde, at skatteordninga er svært dårleg tilpassa næringa, og at den vil hindre at havbruket kan utvikle og vekse på ein berekraftig måte. Vidare fryktar vi at lakseskatten vil føre til flytting av kapital, aktivitet, ressursar, arbeidsplassar frå kysten/distrikta til Oslo.

Dessverre er dette ikkje den einaste viktige saka kor Senterpartiet har svikta næringslivet i distrikta, og kor det òg har vore heilt stilt frå stortingsrepresentant Erling Sande. Regjeringa si dobling av bedriftseigarskap-skatten (formueskatten) rammar store og små bedrifter i regionen vår, og har dertil sett i gang ei protestbølge over heile landet. Som eit slags svar på dette har Senterpartiet kome med eit oppsiktsvekkande dobbelkommunikasjons-grep; partiet vil reduserte bedriftseigarskatten på landsmøtet sitt, medan den same partiet i regjeringa meiner det motsette.

Regjeringa har rekordlåg tillit hos næringslivet, og for første gang har politisk risiko blitt ein problem for næringslivet vårt. Det blir innført innleigeforbod (ikkje i landbruket, vel å merke!), og kampen mot «velferdsprofitørar» og «bendelorm-økonomien» held fram med stor og blind ideologisk styrke. Så langt har Senterpartiet og Arbeiderpartiet greidd å legge ned og fjerna mange unike og eineståande helsetilbod for pasientar med rusproblem og psykiske utfordringar.

I innlegget sitt skriv Erling Sande varmt om at det handlar om å skape vekst og utvikling i heile Norge. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i det. Men vi har nå kome halvvegs ut i stortingsperioden, og Senterpartiet sine fagre valløfter om distriktssatsing er det ingen som har sett noko til.

Faktisk har Senterpartiet greidd å flytte statlege organ frå distrikta til Oslo-gryta. Ein by som har fått merke dette er Ålesund. Både eldreombodet og den nye eksportkontorsatsinga til Solberg-regjeringa forsvann. Over natta det òg, litt slik som garantien Senterpartiet gav om at lakseskatten aldri skulle innførast.