– Eg har opplevd både å halde på å fryse ihel og å bli solbrend på magen under travprøver i samband med hingsteutstillinga, ler Njål Kverneland. Han er storleg imponert over hingstane som vert utstilte i år. Dei er velstelte, velfôra, fint klargjort for utstilling og presenterer seg veldig bra.

–  Det har vore ei eventyrleg utvikling sidan eg byrja å gå her på 80-talet, seier Kverneland, som tidlegare har vore bruksprøvedommar og i mange år vore med på hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Han er her no som publikummar, med rom på hotellet og festen i kveld må han ha med seg.

Stiller til neste år

Kverneland lada opp til kvelden med å sjå på travkøyring og sole seg i bakken saman med ein gjeng frå Langedrag Naturpark.

Marie Torscen Natten fortel at han som i si tid bygde opp naturparken var veldig interessert i fjordhest, og at dei der har 35 fjordingar som dei bruker i samband med tilbod om ulike rideaktivitetar, rideleir og rideskule.

Natten er svært interessert i utstilling av hest og å avle i rett retning. Til neste år er planen å stille med 3-åringen Langedragsdram.  Ho er samd med Kverneland i at det er mykje bra hest på utstillinga i år, og at utviklinga har gått i retning av at dei har mykje betre bevegelse enn i tidlegare tider.

Almebaronen med kusken Even Myklebust vart nummer ein i travløpet, arrangert på utstillingsplassen i Øyane i dag.
Caroline Folven Rørvik og Mariell Nesdal Folkedal hadde teke turen frå Stryn for å få med seg hingsteutstillinga. Caroline har sjølv ein fjording heime, Fjellodin, som ho driv og rir inn. Mariell har fjordingen Goggen som blir 14 år i dag. Goggen liker godt å kjøre, og Mariell har planar om å satse meir på det.
Louis De Vry frå Belgia kjøpte seg fjordhest her i 2015. Han har 20 fjordhestar heime i Belgia der  han mellom anna driv med hesteterapi. Louis er vaksen opp på hestegard og har alltid jobba med hest. Han karakteriserer fjordingen som intelligent, snill og påliteleg, og det han ser etter på ein hest er først og fremst eit godt hovud.
Michelle og Tijl frå Belgia. Ho er med i Fjordhorse International og har vore her på Nordfjordeid mellom 25 og 30 gonger. Han er visepresident i den belgiske organisasjonen for fjordhest.
Vidaregåande klasser frå Voss og Gjermundnes er på hingsteutstillinga, og fekk uteundervisning om fjordhest i Øyane i dag.
Holmøyane seletøy var på plass med gode tilbod.