Utstillinga er viktig for fjordhesten. Hingstane er gjennom beinharde prøver og dømming, og det er her grunnlaget for komande generasjonar for fjordhesten vert lagt. Laurdag skal beste fjordhesten i verda velgast ut. Det er alltid stor spenning til kåringane, og kven som kjem gjennom nålauget.

Det er også stor internasjonal interesse for hingsteutstillinga. Vesle Eid er ein viktig heste-metropol. Hit kjem fjordhestinteresserte frå inn- og utland, mellom anna USA, Belgia og Danmark. Dei vert gjerne overvelda over kva dei får oppleve i fjordhesten sitt mekka. Spørsmålet er om lokalinnbyggjarane sjølve tek fjordhesten for gitt. Er vi blitt så vande med han i gatebildet, at vi ikkje lenger bryr oss om den? Tidlegare i veka fekk barnehagebarn oppleve hesteshow i regi av folkehøgskuleelevar. Kanskje fleire av Eid sine innbyggjarar skulle tatt seg ein turfor å oppleve den intense spenninga det er når dei tre år gamle fjordhingstane skal kårast under kvalitetsoppstillinga med premiering laurdag.

Fjordhesten er ein utrydningstruga hesterase. Det vert sett på som kritisk når tal fødde folar er under 200 i året. For fjordhesten har det vore slik i fleire år. Framtida har sett mørk ut for næringa. No ser det derimot ut til å lysne. Strategien har vore å motivere og halde oppe avlen innan fjordhest. No trur ein botnen er nådd.

Året 2017 kan bli historisk for fjordhesten. Fleire føl kjem til verda og kvaliteten går også opp. Dette kom ikkje minst til syne under unghestsjå på Breim denne veka. Eksteriørdommar Kari-Anne Indrebø meiner framtida ser lovande ut for fjordhesten. Ei sterk gruppe unghestar får mykje skryt. Unge utstillarar tek fjordhesten inn i framtida. Det lovar godt.