−Å drive med hest er ein livsstil, både for meg og resten av familien. Det å stille på utstilling er berre ein del av dette. Alle dei andre dagane i året er minst like viktig, seier Bjørn Egil Solibakke. Saman med kona Emma og dei tre jentene frå null til fire år har han i dag heile fem hestar. Det utgjer tre hopper, ein vallak og ein hingst.

−Då eg vaks opp fekk vi vår første hest då eg var tretten år Det var ei hoppe som eg stilte på utstilling to år seinare. Etter det har eg stilt hest fleire gonger, seier Solibakke.

−Vi har hest fordi vi likar å styre med dyr. Det handlar om det daglege stellet med fôring og trening, køyre- og rideturar i skog og mark. Utstilling er berre ein liten del av dette, men heilt naudsynt i avlsarbeid.Rundt garden vår her på Haus har vi eit ypperleg terreng for å køyre på tur eller ta ein ridetur, seier Bjørn Egil som ikkje minst vil at barna skal vekse opp med dyr og hestar.

For barna

Bjørn Egil og Emma har to jenter på fire og tre år, og ei på åtte månader. Og trass sin unge alder er dei to eldste allereie med i stellet av hestane når det gjeld fôring og anna arbeid i stallen. Eller dei er med på ride- og køyretur.

−Vi ser kor kjekt dette er for barna og det er ikkje minst motivasjon for å halde fram, seier Bjørn Egil som i morgon er klar for utstilling med tre år gamle Aisman.

−Eg har hatt hestar som har fått sløyte og nokre som ikkje har fått det. Sist eg stilte på Nordfjordeid var med Diesel for tre år sidan. Den hesten blei ikkje kåra, men er i dag ein vallak som fungerer som ypparleg ridehest her heime hjå oss. Den er snill og lydig og er akkurat det vi treng, seier Solibakke som likevel no har eit håp når det gjeld hingsten som han skal føre inn i ringen saman med tolv andre treåringar.

−Tre år gamle Aisman blei stilt i kvalitet både som eittåring og toåring under unghestsjå for Nordfjord. Eitt år gammal blei han nummer fem i kvalitet og som toåring blei han stilt som nummer tre i kvalitet. No blir det spennande å sjå korleis det går i morgon på utstilling. Det er stas å stille hingst på heimebane. Håpet er sjølvsagt at Aisman blir kåra. Men om han ikkje blir det så er vi like glad i hesten og vil halde fram med å ha den på garden, seier Solibakke.

Klar for ringen: Tre år gamle Aisman skal i morgon ta turen til hingsteutstilling på Eid. Tidlegare er han blitt stilt i kvalitet to gonger som unghest.
Hopper: Tre hopper i ulik alder går på beite i vårsola på Haus. Den eldste er sytten år, ei er fem og lengst framme unghoppa på eitt år.