Det var ikkje minst dei unge hoppene som kunne forsyne seg av premierebordet under unghestsjå på Breim i dag. I klassa eitt år blei nitti prosent stilt i kvalitet, og i klassa for to år blei 75 prosent stilt i kvalitet.

Hilde Kristin Strandos frå Eid gjekk heilt til topps med den unge hoppa Tekila. Ho blei stilt som nummer ein i kvalitet og blei dagens hest under utstillinga i dag. I same klassa fekk Hedda med eigar Silje Kvalvik frå Eid nummer tre i kvalitet, og Elsa med eigar Veronika Aardal fekk nummer fire i kvalitet.

I klassa unghopper to år blei tre av fire stilt i kvalitet. Der fekk Årdals Eilin med eigar Hege Aardal nummer to i kvalitet.

I klassa unge hopper på tre år blei tre av sju stilt i kvalitet. Her fekk Årøy Evina nummer ein i kvalitet med eigar Linda Beate Svoren. Årøy Evina gjekk også heilt til topps og blei spiss under unghestsjået i fjor. Lyheims Linnea med eigar Anne Karin Løken blei i denne klassa stilt som nummer tre i kvalitet.

Når det gjeld unge hingstar på eitt år var det også ei god klasse der 86 prosent blei stilt i kvalitet, eller seks av sju. Her blei Terne Odin nummer tre i kvalitet med eigar Hildegunn S. Remme, og medeigar og oppdrettar Hans Petter Vereide.

I klassa unghingstar to år blei ein av to stilt i kvalitet. Det var Terneglimt, også her med oppdrettar Hans Petter Vereide. Eigar av Terneglimt er Kari-Anne Hansen frå Ålfoten. Mor til Terneglimt er Vereide Terna, som også er mor til eitt år gamle Terne Odin som fekk nummer tre i kvalitet. Vereide Terne er på stallen hjå Hans Petter Vereide, og er faktisk bestemora til Tekila som blei dagens hest og spiss i dag. Vereide Terna er blitt atten år, men har ikkje tenkt å gje seg med å produsere kvalitetshestar heilt enno.