− Kva har Selje å bidra med til Stad kommune?

− Fantastiske bygder med mykje flott kultur og natur, den unike kystgeita, enorm dugnadsvilje og mange kjende stader og naturperler. Vi har dessutan eit kreativt og kompetent næringsliv som er flinke til å rekruttere ungdom.

− Kva må til om Stad kommune skal bli ein suksess?

− At det ikkje blir dei og oss, men VI ….

− Viss du var allmektig?

− Då ville eg senke og til slutt fjerne eigedomsskatten, starte rehabilitering av kommunale bygg og symjebassenget i Selje og få på plass heis på Stadlandet eldretun slik at ALLE bebuarane kan komme seg opp i fellesrom og ete fire måltid kvar dag.

− Politisk førebilete?

− Liv Signe Navarsete fordi ho har sine meiningars mot og ho står støtt i stormen. Dessutan er ho menneskeleg, innrømmer feil og kan be om årsaking. Ærleg og samvitsfull er ho og.

− Det kjekkaste som lokalpolitikar?

− Stad skipstunnel, Selje kommune ut av Robek, svært gode valresultat for SP ved dei siste vala.

Det verste: innføringa av eigedomsskatt, tilrådinga frå Fylkesmannen om tvangssamanslåing mellom Selje og Vågsøy og då Sogn og Fj. AP stemde for samanslåing av fylket vårt med Hordaland.

− Kva burde kommunen bruke meir/mindre pengar på?

− Meir til vedlikehald av kommunale bygningar, mindre på administrasjon. Elles har vi alt kutta til beinet. Det er nesten berre lovpålagde oppgåver att.

− Beste/verste som har skjedd i Selje kommune i det siste?

− Etableringa av Furebuda med nytt overnattings- og serveringstilbod. Verst er den påtende brannen på Selje hotell.

− Bruk av sosiale medium?

− Ganske aktiv på Facebook og litt Instagram.

− Kvardagshelt du vil gje blomster til?

− Mannen min Anders som held «fortet» når eg er ute og rek i fleirfaldige politiske møte.

− Kva har opptatt deg i det siste?

− Regional transportplan der det er viktig å få 620 langs Årsheimsstranda inn på marginalliste før Stad skipstunnel kjem. Dessutan kommunebudsjettet.

− Det beste med å bu i Selje?

− Mange ting: god plass, folk bryr seg om kvarandre, du kan vere deg sjølv, eit velfungerande næringsliv og byggjeaktivitet og at ungdom flytter hit.

− Verste du veit?

− Komme for seint til ferja (skjer ofte), baksnakking, misunning og uærlegheit.

− Kvifor Senterpartiet for deg?

− Er mest forundra over at ikkje alle i distrikta vel SP som sitt parti. Eg som Senterpartiet er opptekne av: trygg, norsk, kortreist mat, at ikkje sentralisering og ROBUST nødvendigvis er best, at norske naturressursar skal vere norske, at tenester skal vere der folk bur, at det offentlege må byggje ut infrastruktur, medrekna bleiband/fiber, i distrikta, og MANGE andre gode grunnar – spør du meg!!!

Gjensidig tillit

Alle delar av Stad