− Kva meiner du Eid kan bidra med til Stad kommune?

− I Eid har vi blitt veldig flinke til å løfte i flokk, så vi får til det utrulege berre vi vil!

− Kva må til for at Stad kommune skal bli ein suksess?

− Eit godt tenestetilbod, som legg til rette for ei positiv utvikling i heile den nye kommunen, skape ein felles identitet, vere attraktiv for tilflytting, eit drivande næringsliv og få vekst i folketalet.

− Kva forandringar ville du gjere i Eid dersom du var «allmektig»?

− Vi må gje rom til dei som har kritiske synspunkt og, ei sak har som regel to sider.

− Politisk førebilete?

− Det må bli Obama. Ei utruleg politisk kraft som gav titals millionar amerikanarar rett til grunnleggjande helsetenester.

− Kva er det kjekkaste du har vore med på som lokalpolitikar?

− Opninga av gang- og sykkelvegen på Haugen var ei utruleg flott oppleving. Det same var gjennomslaget Eid Senterparti fekk for å byggje stor Eidahall ved Nordfjordeid Skule.

− Det verste?

− Tøffe nedskjeringar i fleire rundar opp gjennom åra. Det er alltid vanskeleg. Det aller verste var i 2007 då eg føreslo å sløkkje alle gatelysa i kommunen for å spare pengar. Det vart vedteke og det vart eit enormt engasjement mot dette for å seie det forsiktig. Det heile enda med at vi måtte skrue på lyset att etter ein månad.

− Kva burde kommunen bruke meir pengar på?

− Vi burde prioritert ressursar til dei eldre og elevar i grunnskulen.

− Og mindre?

− Vi må bruke mindre på mykje som ikkje vedkjem tenesteproduksjonen.

− Det beste som har skjedd i Eid kommune dei siste åra?

− Det beste er at vi fekk samlokalisert Eid vidaregåande skule og bygd Operahuset Nordfjord. Det har gjeve grobotn og vekstkraft til det meste vi er stolte av i dag, som Malakoff, Opera Nordfjord, og den positive utviklinga i kommunen generelt.

− Det verste?

− At kommunestyret vedtok nedlegging av Kjølsdalen Skule.

− Kor aktiv er du på sosiale medium?

− Er aktiv på Facebook. Prioriterer ikkje andre kanalar.

− Kva meiner du om eigedomsskatten?

− Eg er ikkje tilhengar av eigedomsskatt, men på grunn av den stramme økonomien til Eid, så må vi vidareføre den som no.

− Er det nokon «kvardagshelt» du vil gje blomster til?

− Foreldra mine. Dei er smurningen som får kvardagen til å gli lettare.

− Kva har opptatt deg i det siste?

− Bryllaupsførebuingar i kombinasjon med pappapermisjon. Eg og Jagoda gifte oss 1. desember og dottera vår, Silje, kom til verda 17. januar. 2017, eit fantastisk år, best ever!

− Kva er det beste med å bu i Eid?

− Kort veg til det meste og godt samhald!

− Kva er det verste du veit?

− Festtalar mot betre vitande.

− Kvifor har du valt Senterpartiet som ditt parti?

− Fordi vi vil byggje samfunnet nedanifrå. Vi trur på folkestyre, ikkje elitestyre.