− Kva har Selje å bidra med til Stad kommune?

− Vi har eit rikt næringsliv der mange er i front både nasjonalt og internasjonalt, og ei imponerande dugnadsånd. Seljesamfunnet er løysingsorientert og finn løysingar sjølv med avgrensa ressursar.

− Kva må til for at Stad kommune skal bli ein suksess?

− At vi er rause og ser kvarandre sine verdiar. Dei politiske partia må i nominasjonane for perioden 2020–2023 få til geografisk spreiing på listene, og vi må unngå bygdelister og anna «fraksjonsverksemd» som kan undergrave heilskapstenkinga i nyekommunen.

− Korleis ville du prioritere viss du var «allmektig»?

− Auke innsatsen på kulturfronten. Få til sentrumsutvikling i Korsen og Seljebygda og bygd fleirbrukshall og symjehall i Selje.

− Politisk førebilete?

− Martin Luther King. I sin rakrygga ikkjevalds-kamp flytte han verda eit steg i rett retning. Det å stå for sine verdiar og ikkje gje opp for motstand, er noko vi alle bør ha som ideal.

− Det kjekkaste du har vore med på som lokalpolitikar/det verste/noko du skulle sett ugjort?

− Verst var hotellbrannen. Den skapte ei stort sår i lokalsamfunnet. Det er fortvilande å sjå at ingen tek og har eit formelt ansvar for oppryddinga.

Det kjekkaste er Stad skipstunnel som no snart er klar til realisering. Det gjer meg stolt og kry på vegner av lokalsamfunnet. Desse to sakene er som natt og dag.

Eg skulle gjerne vore forutan ei utsegn i media om forgubbing. Eg fekk då fortent tyn frå lokalbefolkninga.

− Kva burde kommunen bruke meir/mindre pengar på?

− Prioritering er alltid vanskeleg. Men burde brukt meir på skular, barnehagar og fritidstilbod for barn og unge. For å bremse kostnadsauken i pleie- og omsorgstenesta, bør vi sjå på organiseringa, kan hende samle alt under same tak og ta i bruk meir velferdsteknologi.

− Kor aktiv er du på sosiale medium?

− Aktiv på Facebook og litt Instagram. Twitter ein gong i året.

− Kva meiner du om eigedomsskatten?

− Er nødvendig for å løyse viktige samfunnsoppgåver, men næringslivet bør skjermast. Nivået den er på no er passeleg. (0,4 %)

− «Kvardagshelt» du vil gje blomster til?

− Kona fortener klart ein blomst. Dessutan Olav Steimler i Ervik Havfiske. Han har inspirert meg til å kjempe for å gjere Selje til ein betre kommune å bu i.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Eg har nett førebudd og gjennomført eit speidarleiarkurs for ungdom.

− Kva er det beste med å bu i Selje?

− Folket, naturen og havet.

− Det verste du veit?

− Folk som er negative og spreiar negative ord om folk og framtida. Vi må løyse utfordringane i framtida, og då må vi jammen ta ansvar og løfte i lag. På gravminnet til ein amerikansk industrieigar stod det: «Her kviler ein person som var modig nok til å ta i teneste personar som var flinkare enn han sjølv».

– Dette er løysinga for kvar og ein, for ei bedrift og for eit samfunn.