− Kva meiner du Eid har å bidra med til Stad kommune?

− Eid er ein særs god kommune å vekse opp i for born og unge. Vi har eit kommunesenter med sterke kvalitetar på kultur, handel, tenester etc, og ein god kommuneorganisasjon som «ligg frampå» i samfunnsutviklinga.

− Kva må til for at Stad kommune skal bli ein suksess?

− At vi klarer å skape lagånd. At folk frå Honningsvåg til Holmøyane blir trygge på at vi vil kvarandre vel.

− Viss du var «allmektig»?

− Raskt få bygd samanhengande gang/sykkelveg gjennom heile kommunen – og få bygd bru Anda-Lote.

− Har du noko politisk førebilete?

− Barack Obama. Fordi han aldri «miste seg sjølv», men sto opp for dei svakaste sjølv i verdas viktigaste politiske stilling.

− Kva er det kjekkaste du har vore med på som lokalpolitikar/det verste/noko du skulle sett ugjort?

− Kjekkast: Opninga av det nye Hogatunet Omsorgssenter. Kjem ikkje på noko eg vil kalle «det verste» her lokalt.

− Kva burde Eid kommune bruke meir/mindre pengar på?

− Meir pengar på førebygging/lågterskeltilbod for born og unge. Mindre pengar til utgifter i samband med sjukdom/utanforskap i arbeidslivet.

− Kva er det beste/verste som har skjedd i Eid kommune dei siste åra?

− Det beste som har skjedd er den sterke utviklinga/utbygginga av Nordfjordeid sentrum, noko som vil ha enormt mykje å seie for både Eid og heile Nordfjord for all framtid. Kjem ikkje på noko eg vil kalle det verste.

− Kor aktiv er du på sosiale medium?

− Eg er svært aktiv på Facebook. Er for meg ein svært viktig kanal for å gje informasjon og ha kontakt med folk i ordførar-jobben. Er ikkje aktiv på Twitter. Er litt aktiv på Instagram og Snapchat.

− Kva meiner du om eigedomsskatten?

− Vi har innført eigedomsskatt for å finansiere dei store utbyggingane i Eid av omsorgssenter og fleirbrukshall. Det gjer at vi må halde han på dagens nivå i alle fall nokre år til, men han bør ikkje aukast. På sikt bør han reduserast og fjernast.

− Er det nokon kvardagshelt du vil gje blomster til?

− Mange! Aller mest akkurat no til kona min Magni, som må slite med ein veldig travel mann.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− Bryggja.

− Kva er det beste med å bu i Eid?

− Alt! Eg synst det er ein heilt fantastisk stad å bu.

− Kva er det verste du veit/kan ikkje fordra?

− Kvefsar og plomesylte med steinar.

− Kvifor har du valt Venstre som ditt parti?

− Fordi Venstre er eit parti for fridom for kvar einskild og ansvar for kvarandre – og for naturen.

Dei ettertrakta nordfjordingane

Kamp om domstolgrenser

Nyttig å bruke jordskifteretten

Ein domstol