− Kvifor har du engasjert deg så sterk i denne saka?

− At heimbygda mi er midt oppe i ei grensejusteringssak, hadde eg ikkje sett føre meg for drygt eit år sidan, men det er ei logisk følgje av den utviklinga kommuneinndelingsreforma fekk etter Fylkesmannen si tilråding frå i fjor haust.

−Eg vil presisere at eg uttalar meg som personleg engasjert i lagnaden til heimbygda mi, og ikkje som forskar. Det er trist at dei ytre delane av Nordfjord vert splitta opp, men når no både Stad og Kinn kommune er ein realitet, må ein gjere eit val. Og eg er ikkje i tvil om at Bryggja høyrer heime i Stad kommune.

− Kven tek den endelege avgjerda om grensejusteringar?

− Etter høyringsrunden overfor dei berørte kommunane, går no saka vidare til handsaming og endeleg avgjerd, fyrst hjå Fylkesmannen og deretter Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Etter §6 i inndelingslova er det Kongen i statsråd som gjer vedtak om denne typen grensejustering. I praksis betyr det statsråd Jan Tore Sanner.

− Fylkesmannen si tilråding er viktig, og det vi vil overraske meg om departementet kjem til ein annan konklusjon enn Fylkesmannen. Etter tidsplanen frå sist sommar, er det grunn til å tru at vi veit kva veg saka tippar i løpet av november. − Kva faktorar vil telje mest for avgjerda?

− Det finst ikkje to like grensejusteringssaker, så eg vil tru at kvar sak vert grundig vurdert for seg ut frå eigne premissar. Men eg har ingen grunn til å tru anna enn at folkemeininga på Bryggja vil vege tungt. Telemarksforsking har dessutan, slik eg tolkar det, uttrykt stor forståing for at Bryggja ynskjer seg til Stad, og forskarane poengterer samstundes at grensejusteringa tilfredsstiller kriteria for ein funksjonell og integrert kommune.

− Kor mykje vektlegg ein innvendingane frå Vågsøy?

− Frå Vågsøy-hald synast motivet å vere at det ikkje finst noko sakleg grunnlag for justeringssaka. Til dømes vert både motiva, kunnskapsgrunnlaget og evna bryggjaværingane har til å ivareta sitt eige beste, trekt i tvil. Å bli «forlatt» kan svi, ikkje minst psykologisk.

− Det avgjerande vil likevel vere at Vågsøy maktar å overtyde styresmaktene om at Kinn kommune vert urimeleg og varig skadelidande ved ei grensejustering eller ved at kommunen misser evna til å tilby basale tenester. Eg personleg har vanskar med å sjå at så er tilfelle.

− At Eid og Selje seier ja til å ta imot Bryggja, medan Vågsøy seier nei, er heilt etter oppskrifta, men eg trur at dette isolert sett ikkje har så mykje å seie for det endelege vedtaket.

Folkemeininga er viktig

− Praksis frå grensejusteringssaker er, så langt eg kjenner til, at det vert lagt svært stor vekt på innbyggjarmeininga i slike saker, seier Yngve Flo.

Han peikar på at den største grensejusteringa i nyare tid vart vedteken for snart to år sidan. 2500 innbyggjarar frå Vear-området i Stokke vart då overført til Tønsberg; det skjedde i samband med at Stokke slo seg saman med Sandefjord og Andebu. Kommunalminister Jan Tore Sanner la då avgjerande vekt på folkemeininga. Han sa at det var rett å gjennomføre grensejusteringa fordi dei involverte innbyggjarane hadde gjeve eit tydeleg signal om dette. 64 prosent i Vear hadde då i ei folkerøysting svart at dei ville høyre til Tønsberg framfor Sandefjord.

− Til samanlikning kan ein nemne at 79 % av bryggjaværingane sa ja til Stad i ei innbyggjarundersøking, og at 83 % på Bryggja var imot å bli ein del av Kinn, påpeikar Flo.