Juridisk sjef hjå Fylkesmannen Anne Kristin Eitungjerde opplyser til Fjordabladet at dei reknar med å ha si innstilling til departementet i grensereguleringssaka klar medio november.

Mange faktorar

Departementet bede om ei utgreiing som gir opplysningar om folketal, areal, kommunikasjonsforhold, pendling, utbyggingsmønster og det kommunale tenestetilbodet i samband med ei eventuell grensejustering. I tillegg vil det også bli lagt vekt på korleis innbyggarane stiller seg til grensejusteringa, kva dei berørte kommunane ønskjer og kva konsekvensar ei justering av grensene har for kommunane.

I løpet av våren

Rådgjevar i Kommunalavdelinga i Kommunal og administrasjonsdepartementet, Kristell K. Herland opplyser i ein e-post at departementet i grensejusteringssaker som har samanheng med kommunesamanslåingar, har sagt at dei tek sikte på å avgjere desse sakene i løpet av våren 2018, slik at eventuelle endringar kan setjast i verk samstundes med kommunesamanslåingane 1. januar 2020.

Leiar: Nordfjord

Selje vil ha Bryggja med