Aktuelt område ligg mellom kommunane Selje og Eid. For Stad kommune sin del vil det vere ein fordel om området vert innlemma. Området vil geografisk vere sentralt i denne kommunen og det vil vere naturleg å vurdere kva tilbod som er naturleg å byggje opp i fellesskap i dette området. For Selje sin del vil det også vere ein fordel at området er nærare delar i ytre region av Stad kommune.

Ein kommune som heng saman

For Selje kommune kan ein vanskeleg sjå ulemper med å gjennomføre ei grensejustering. Det vil sikre ein ny kommune som heng saman, det vil sikre at innbyggjarane vert tatt på alvor. I kor stor grad forhandlingar og overgangsfasen vert utfordrande og vanskeleg, vil kommunane som er involvert i stor grad styre. Rådmannen har tru på at kommunane med gode intensjonar, positive haldningar og mål å gjere det beste for innbyggjarane, klarar å gjennomføre desse på ein god måte.