Fylkesmannen si tilråding er viktig. Vi reknar med at Fylkesmannen brukar sunn fornuft, og høyrer på kva innbyggjarane på Bryggja, Totland og Maurstad sjølve ønskjer. Der var eit klart fleirtal som ønskjer å høyre til nye Stad kommune.

Vi er samd med Yngve Flo som i avisa i dag meiner at det meste talar for at Bryggja er ein del av Stad kommune om vel to år. Folkemeininga må vege tungt.

Vi trur Flo har rett når han uttrykkjer at det frå Vågsøy-hald synast motivet å vere at det ikkje finst noko sakleg grunnlag for justeringssak, og at Vågsøypolitikarane tvilar på at folket på Bryggja har evne til å vareta sitt eige beste. Ein slik tvil er ubegrunna.

Vi synest det er leit at Nordfjord no vert splitta ved at Vågsøy har valt å gå sørover til Sunnfjord og Kinn.

Splittinga av Nordfjord skjedde allereie då Hornindal valde å bli sunnmøringar. Det er merkeleg at ein i Nordfjord innbiller seg at ein er så total forskjellige, at ein ikkje kan einast om å bli ein felles kommune i Nordfjord. Med eit samla Nordfjord kunne ein ha vore sterke saman.

Tida er inne for å samle kreftene for å møte framtida med ei offensiv haldning og vilje til å takle utfordringane, men også gripe sjansane, oppfordrar nordfjordingen Arvid Andenæs. Han har så rett så rett.

Sjølv om det vert nye kommunegrenser kan ein framleis samarbeide – på tvers av alle grenser. Her har vi alt i ein fjord med 30.000 innbyggjarar. Nordfjord er ei viktig merkevare. Saman er ein sterke, og det vert ein om eit samla Nordfjord samarbeider enten det er i næringsliv, reiseliv, flyplass eller skule.