Ikkje mindre enn tre prestar var på plass, så det var enkelt å finne nokon å prate med, til dømes dersom typen slår opp eller livet går deg imot på andre måtar.

Det er tre danske teologistudentar som er på plass på festivalcampen.

Den danske prestevikaren Maja Salamonsen slår av ein prat med Fredrik Baade, Erik Ristesund, Michael Dyrøy, Vegard Ristesund, Ludvik Skar Nilssen og Raymond Varholm, som er frå Ålesundstraktene og liker seg godt på Malakoffcampen. Foto: Anna Wuttudal

‒ Vi pratar med folk som har behov for ein person å prate med. Det kan vere om alt og ingenting, kanskje har kjærasten sagt noko. Det er ikkje misjonering, vi tilbyr sjelesorgsomsorg, seier Maja, som studerer teologi i Danmark, men har prestepraksis i Stryn.

 ‒ Er det du som har sørga for det fine vêret?

‒ Ja, det er det faktisk, ler Maja med eit glimt i auga.

‒ Eg sa for moro skuld i går at eg skulle spørje sjefen om godt vêr, og no har det skjedd.

Per Gunnar Landehaug, Stien Bellen, Olai Vedeld og Håvard Drage Sørdal frå Vanylven slappar av i maritime omgivelser. ‒ Vi kjøpte inn tre båtar torsdag, og det var så vellukka at det blir nok eit fast innslag, seier Olai. Han og Håvard har akkurat hatt seg ein tur på Eidselva frå Skipenesbrua til fjorden.   Foto: Anna Wuttudal
Sindre Skår og Ole Skår liker å trene på fritida og tøffar seg med armhevingar. Foto: Anna Wuttudal
Kjekt å leike seg.
Foto: Anna Wuttudal
Foto: Anna Wuttudal
Dette laget er frå Høyanger og heiter visst Liggeunderlaget. Foto: Anna Wuttudal
Brage Bergset, Jan Leander Larsen og Eirik Sjøthun Mårn frå Høyanger. Foto: Anna Wuttudal
Sol og god stemning blant gjengen frå Florø Foto: Anna Wuttudal
Eit lite bad må til. I midten Arild Harmentier frå Sogndal. Foto: Anna Wuttudal

‒ Har eit veldig godt inntrykk

‒ Vi sat på fest for tre veker sidan og fann ut at vi skulle reise ein plass, fortel Erlend Håheim og Kristen Gravelsæter, som har kome frå Etne for å vere med på Malakoff.  Dette er første gong i papptelt og første gong på festivalen, og dei er godt fornøgde.

 ‒ Vi har eit veldig bra inntrykk. Det er godt organisert og veldig ryddig, seier Erlend.

 Toaletta er reine, alt er på stell og det er kort veg til arena, legg Kristen til.

Erlend Håheim og Kristen Gravelsæter Foto: Anna Wuttudal

Erlend og Kristen søv i kvart sitt papptelt og har positiv oppleving av denne måten å overnatte på, mellom anna blir det ikkje så varmt som i eit vanleg telt, men om det hadde kome styrtregn, så ville nok ikkje vere heilt tett.

‒ Det er nok godvêrstelt, påpeikar dei.

‒ Kva med musikken?

‒ The Hu var litt trekkplaster for meg, og Kaleo, og eg vart overraska overKa2, seier ein av dei.

Lars Erik Flathus, Fredrik Riis Gjertsen, Merete Husby og Ida Elise Lervik kosar seg i sola. Foto: Anna Wuttudal
Emil Dale, Jakob Lotsberg, Fredrik Taklo, Håvard Leivdal, Julie Tafjord Meland, Inger Sundal, Matheus Balsnes Lyngstad og Theo Takserman. Foto: Anna Wuttudal
‒ Vi bur her fast kvart år. No er vi nettopp blitt kåra til årets festivalcamp av sparebanken og fekk gåvekort på Alti, så no skal vi ut å handle, ler Lene Stenseth og Malin Fossheim. Dei har pynta og har stort fokus på å ha det rydding i teltområdet. F.v.: Vibeke Brendstuen og Henning Brendstuen frå Lillehammer, Malin Fossheim  og Lene Stenseth frå Ålesund, Stig Terje Fjørtoft frå Fjørtofta, Knut-Ola Martinussen frå Trøndelag og Geir Olav Kristiansen frå Valderøy.   Foto: Anna Wuttudal
Heftig festing på gjengen frå Førde. Her er det Tonje Ulleland som fôrar Emil Berge med drikke. Foto: Anna Wuttudal
John Sundgot og Mike Becker er frivillige og bidreg til å halde det reint og fint på campen. Foto: Anna Wuttudal
Koseleg teltlandsby. Foto: Anna Wuttudal
Olve Hatlestad, Victor Santiago, Gabriel Eraker Ødegård og Truls Even Palmer Lie har med over ti liter med heimelaga eplesider frå Sogn. Den har stått 39 dagar og gjæra og er på 9%, fortel  Truls som står for produksjonen. Foto: Anna Wuttudal
Foto: Anna Wuttudal
Foto: Anna Wuttudal
Asle Tonning frå Førde har overnatta i bil ved gamle Yris hotell. Det har gått bra, men bilen har fått seg ein sprut med dressing i løpet av natta. Foto: Anna Wuttudal
Severin Halland, Tallak Hugøy og Odd Rune Dvergsdal frå Jølster har vore på handletur i sentrum. Dei har handla isbitar, luftmadrass, diverse drikkevarer og det dei kallar lykke på flaske.   Foto: Anna Wuttudal