Fredag kom dødsing også til Nordfjoreid som ein del av Malakoff Rockefestival. På Nordfjordeid var brettet dødsarane hoppa frå 10 meter over strandsona i Eidsfjorden. Døds er ein ekstremsport. Ein avart av stuping. Det skil mellom klassisk døds og fristil døds. Eit klassisk døds er der utøvarane går ut i eit horisontalt svev med armer og bein utstrekt i ein x- formasjon til dei treffer vantet, og fristil, der utøvarane gjer forskjellige triks i svevet.

Rødekors var på plass om noko skulle gå galt. Foto: Tormod Flatebø

I tillegg til tilreisande «proffe» dødsarar, var det også lokale gutar/menn som hadde meldt seg på i konkurransen.

Det var tydeleg at dette var eit populært innslag før musikken igjen tek over utpå kvelden. Det var tettpakka av publikum langs strandsona i Sjøgata.

Dødsing var tydelevis populært sett ut frå publikumsoppslutninga. Foto: Tormod Flatebø