− Hest skal vere moro
Nitti prosent kvalitetshopper på unghestsjå
Fleire vil stille ut unghest
– Eg har opplevd både å halde på å fryse ihel og å bli solbrend på magen under travprøver i samband med hingsteutstillinga, ler Njål Kverneland. Han er storleg imponert over hingstane som vert utstilte i år. Dei er velstelte, velfôra, fint klargjort for utstilling og presenterer seg veldig bra.
– Det har vore ei eventyrleg utvikling sidan eg byrja å gå her på 80-talet, seier Kverneland, som tidlegare har vore bruksprøvedommar og i mange år vore med på hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Han er her no som publikummar, med rom på hotellet og festen i kveld må han ha med seg.
Stiller til neste år
Kverneland lada opp til kvelden med å sjå på travkøyring og sole seg i bakken saman med ein gjeng frå Langedrag Naturpark.
Marie Torscen Natten fortel at han som i si tid bygde opp naturparken var veldig interessert i fjordhest, og at dei der har 35 fjordingar som dei bruker i samband med tilbod om ulike rideaktivitetar, rideleir og rideskule.
Natten er svært interessert i utstilling av hest og å avle i rett retning. Til neste år er planen å stille med 3-åringen Langedragsdram. Ho er samd med Kverneland i at det er mykje bra hest på utstillinga i år, og at utviklinga har gått i retning av at dei har mykje betre bevegelse enn i tidlegare tider.