Det er tid for unghestsjå, og datoen for unge hestar i Nordfjord er i år sett til måndag 1. mai. Då skal 32 unghestar i ringen på Norsk fjordhestgard, Breim, der 30 av dei er fjordhestar.
Som vanleg er utstillarar frå Eid kommune sterkt representert på denne utstillinga. Men i år blir det kanskje likevel rekord av unge og håpefulle hestar frå Eid med heile 12 i talet.
To av desse er unge hingstar, medan ti unghopper frå Eid kommune skal stillast ut.
Unghestar som skal stillast frå Eid kommune:
Breim 1. mai 2017
Unghest 1 år:
Sverre van´t Stal Cnabo, eigar Asle Espe, Steinar Furnes og Anne Karin Løken
Unghest 2 år:
Petter, eigar Steinar Furnes og Espen Hjelle
Unghoppe 1 år:
Tekila, eigar Hilde-Kristin Strandos og Berit Strandos
Hedda, eigar Silje Kvalvik
Espe Maja, eigar Asle Espe
Elsa, eigar Veronika Aardal og Bjørn Aardal
Soli Selma, eigar Bjørn Egil Solibakke og Bjørn Jonny Solibakke
Unghoppe 2 år:
Årdals Eilin, eigar Hege Aardal og Jorunn Aardal
Mons Juni, eigar Marius Alsaker
Unghoppe 3 år:
Lyheims Linnea, eigar Anne Karin Løken
Årøy Evina, eigar Linda Beate Svoren
Bø Emina, eigar Knut Rasmus Hjelle og Agate Henden Hjelle