– Det kunne blitt litt skummelt dersom bussen hadde blitt teken av raset, men slik går det ikkje an å tenke. Ein veit aldri kva som skjer, men det går ikkje an å sitje og tenke på at det kan vere glatt eller at det kan kome eit ras. Gjer du det, så har du ikkje noko i dette yrket å gjere, seier bussjåfør Terje Bjørnstad.

– Det vart heilt kvitt

Bjørnstad kom køyrande søndag morgon med nattbussen frå Oslo i retning Måløy og hadde nettopp sett av ein passasjer på Skrede. Han sat og prata med ein kollega på telefon.

– Plutseleg var det heilt kvitt framføre meg. Den kvite veggen kom brått på, men eg hadde såpass avstand at eg bremsa kontrollert. Det var inga panikkbremsing, men då bussen stoppa, var vi ikkje meir enn om lag 20 meter frå raset, fortel sjåføren til Fjordabladet.

Heldt auge med fjellsida

Bjørnstad ringde politiet og sette bussen i revers samstundes som han heldt auge med fjellsida, om det skulle vere noko meir på veg. Han ringde også driftssentralen for å gi beskjed og at det gjekk litt ekstra tid.

Måtte rygge ein kilometer

Bussjåføren måtte rygge om lag ein kilometer tilbake mot bebyggelsen, før han fekk snudd bussen og køyrde i retning Panoramavegen.  Han kjenner denne vegen godt frå før fordi det vart nokre turar denne omvegen om Nordsida, Hopland og Lote då vegen i Skredestranda også for nokre år sidan var stengt av ras.

– Eg veit korleis vegen er. Det er ikkje noko problem Det er smalt og svingete, og ser kanskje verre ut enn det er, seier den sindige sjåføren frå Otta, som køyrer nattbussen fast i rute mellom Oslo til Nordfjordeid. Han liker godt å køyre nettbuss-ekspressbussen.

Tok det med ro

Bjørnstad fortel at passasjerane tok det med ro.

Det bruker vanlegvis ikkje å vere så mange passasjerar med natt til ein søndag, men sidan det er palmehelg og påskeferie var det 32 passasjerar i bussen på veg mot Nordfjordeid og Måløy.

Ruta vart noko forseinka, men overgangen til sommartid spela også inn. Bussen reiste frå Stryn 20 minutt på sju og skulle vere på Eid fem på halv åtte, men kom ikkje hit før 20 på ni.

På Nordfjordeid tok Helge Naustdal over rattet, og Bjørnstad fekk seg nokre timar velfortent kvile før han skal på ny tur til Oslo i kveld.

Litt lengre vest

Raset gjekk mellom Kongenestunnelen og Breisvortunnelen, litt lengre vest enn dei tidlegare rasa. Bjørnstad anslår at det var om lag 40-50 meter breitt og 5-6 meter høgt, og han fortel at mykje av snøen låg ute på isen på Hornindalsvatnet. Sjåføren meiner raset gjekk om lag 500 meter aust for Breisvortunnelen, om lag 100 til 200 meter frå der det store raset gjekk for nokre år sidan.

Bussjåfør Terje Bjørnstad (t.h.) måtte rygge om lag ein kilometer tilbake mot bebyggelsen, før han fekk snudd bussen. Her har han kome til Nordfjordeid og får avløysing av sjåfør Helge Naustdal.
Foto: Siri Øvregård
Passasjer Eivind Grodås var ein av passasjerane som sat på ein av dei fremste radene på bussen. Han oppfatta ikkje situasjonen som dramatisk.
Ekspressbussen måtte køyre Panoramavegen og kom litt forseinka til Nordfjordeid i dag.
Slik ser raset ut frå Heggjabygda.
Vegen er stengt. Det blir ny vurdering klokka 12 i morgon, måndag.