Trafikksentralen i Statens vegvesen Region Vest opplyser at E39 er stengt i Skredestranda på grunn snøras. Vegen blir ikkje opna i dag. Tilrådd omkøyring er via fv 60 eller Rv 561.

Ny vurdering vert gjort måndag klokka 12.00

Politiet melder at det ikkje er noko som tyder på at nokon er tatt av skredet. Dei har avslutta arbeidet på staden og alle involverte mannskap er dimittert. Vegen vil ikkje bli rydda i dag.

Ny vurdering måndag føremiddag.

Slik ser raset ut frå den andre sida av Hornindalsvatnet. Foto: Ola Ronny Melheim