Av Sigurd Reksnes, ordførar:

­

Svar til Anders Lien.

Eg skriv dette innlegget for å informere om møtet i finansutvalet 16.11.23. Eg kan ikkje la påstandane til Anders Lien om at møtet i finansutvalet var ei «velregissert teaterframsyning» stå uimotsagt.

Møtet i finansutvalet 16.11 var det første i denne perioden. Kommunedirektøren og underteikna var samde om at det var viktig å informere godt på dette møtet sidan det er mange som er nye i finansutvalet.

Møtet starta med å vise eit innlegg som Håvard Moe heldt for kommunestyret i vår. Deretter så hadde kommunedirektøren eit innlegg der ho kom med eit historisk tilbakeblikk på tida før og etter kommunesamanslåinga, og det arbeidet som har vore gjort.

Vidare vart det orientert om ei rekkje saker som skal opp til behandling i kommunestyret i desember, før kommunedirektøren la fram framlegget til budsjett for 2024 og økonomiplan 2024-2027. Etter dette vart det opna for spørsmål og debatt.

Både sakene som det vart orientert om, og budsjettet, er no sendt ut til handsaming i ungdomsrådet, eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, tenesteutvalet, planutvalet, og samfunnsutvalet.

Den 01.12 skal budsjettet opp til ny drøfting i finansutvalet, før formannskapet handsamar budsjettet same dag, og gjev ei innstilling til kommunestyremøtet som skal vere 15.12. I perioden mellom 01.12 og 14.12 ligg budsjettet med innstillinga frå formannskapet ute til offentleg ettersyn.

Det er viktig for meg å få fram at når ein handsamar budsjettet slik, i fleire omgangar, så er det nettopp fordi sakene skal bli godt opplyste og debatterte før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Eg er oppteken av at innbyggjarane i Stad kommune skal delta i ordskiftet og kome med sine meiningar. Det er veldig nyttig for kommunestyret.

Å skrive at det som kommunedirektøren seier er ei «teaterframsyning» og at ingen tek til motmæle eller stiller spørsmål ved det som vert sagt er direkte feil. No er sakene lagt fram og sendt ut. Mi oppleving er at det er stort engasjement rundt sakene som er oppe til handsaming i denne møterunden.