Anders Lien, Selje:

Tankar etter møtet i finansutvalet 16.11.23.

Mange følgde nok spent med på dette fyrste politiske møtet i ein ny valperiode. Korleis er Stad kommune tenkt driven dei neste 4 åra?

Sit att med inntrykket å ha vore på ei velregissert teaterframsyning der kommuneleiinga, uimotsagt, gjennomførte ei framstilling med sterk slagside. Regien var stram, utan anledning til å stille spørsmål.  Politikarane skal tydelegvis gå samla i den retning administrasjonen ynskjer. Bakteppet var den påstått dårlege kommuneøkonomien.

Opplæring i kva eit demokrati er, kommunelova, rolleforståing, krav til oppførsel i politiske møter, lojalitet til administrasjonen mm. var på agendaen. Det vart òg sett fokus på bakgrunnen til, og erfaringane med oppretting av Stad kommune. Spesiell var den einsidig vinklinga og den belærande tonen. Dessverre tok ingen av politikarane til motmæle.

At administrasjonen si oppgåve er nøytral sakshandsaming og gjennomføring av vedtak, ikkje drive politikk, synest gløymt. Eg fekk ei forteljing om ein mann frå Hameln i tankane.  Men her var fløyta erstatta med velvalde formuleringar.

Dette lovar ikkje godt med tanke på utvikling av Stad kommune i samsvar med vedtekne strategiar.  Særleg ikkje for utkantane.

Nærsynt historieforteljing

Kommunedirektøren starta med stor tydelegheit å fortelje kor elendig det stod til i tidlegare Selje kommune, både økonomisk og administrativt, i åra før kommunesamanslåinga.  Det vesentlege i framstilling var nok rett. Men fleire av døma og ordval var langt over «streken». Det vart òg hevda at Eid nærmast vart tvinga til å slå seg saman med Selje.

Nemnd vart ikkje at den dårlege økonomien førte til eit stort etterslep av nødvendige investeringar i Selje. Dette speglar seg i at ei vesentleg mindre lånegjeld pr. innbyggjar vart drege med inn i Stad kommune enn frå Eid.

Det kom heller ikkje fram  kva som skjedde i Eid før samanslåinga og kvifor Stad kommune har stor lånegjeld. På kort tid vart mange store prosjekt pressa gjennom. Det er nok å nemne operahuset, Sagastad, nye bustadfelt, nye barnehagar og institusjonsplassar for eldre mm. Nokre nødvendige tiltak, andre ikkje. Men alt er finansiert med lån, og den vesentlege årsaka til dagens høge lånegjeld i Stad.

Overskridingar i fleire av prosjekta har ført til ekstra låneopptak. At fleire nye tiltak lokalisert i/rundt Eid og er blitt pressa gjennom gjer ikkje den økonomiske situasjonen betre. Om slike kostnader er finansiert over drift, frå disposisjonsfondet eller gjennom låneopptak er irrelevant.  Det er like fullt pengane til kommunen sine innbyggjarar som vert nytta.

Heller ikkje den store forskjellen i servicetilbod og standard mellom kommunesenteret og utkantane vart nemnt.

Derimot vart det fokusert på ressursbruk rundt Stad Skipstunnel.  At kommunen får dekka ein vesentleg del av dette vart ikkje nemnd.  Heller ikkje dei store moglegheitene for vekst og utvikling som skipstunnelen vil føre til både i nærområdet og heile regionen. Det vert skapt eit inntrykk av at dette prosjektet ikkje er ønska.

At driftstal pr. 31.08 vart nytta den 16.11 som grunnlag i ei so viktig sak, er lite tillitsvekkjande. Minner om liknande kriseforteljingar på same tid og i same situasjon dei tre føregåande åra.  Likevel er rekneskapen kvart år blitt gjort opp med store overskot og fleire 10-tals millionar årleg overført til disposisjonsfondet. Dei fleste forstår at auka rente belastar drifta ekstra, men skremsel-bodskapen vert litt for tydeleg.

Dessutan, kven kan ha tiltru til ein organisasjon som har brukt kr. 8,0 mill. til å planlegge eit symjebasseng i Selje som det tydelegvis ikkje har vore intensjon om å byggje. Framtidige driftskostnader har aldri synt seg i budsjetta. Same administrasjon har brukt ca. 45 mill. til bygging av eit nytt legesenter i Selje mange år tidlegare enn nødvendig. Formålet var edelt -  å leggje til rette for nytt hotell. Men salsavtala for det gamle helsesenteret var so dårleg og lite bindande, at eigedomen ikkje er inkludert i presenterte hotellplanar. Den er tydelegvis tenkt nytta til andre formål.

Framstillinga av Sunnivahallen var eit kapittel for seg sjølv. Men viser kor gale det kan gå når nokon gløyme kva rolle ein har. I ettertid er dette grundig kommentert i lokalpressa så eg finn ingen grunn til å gå vidare på det her.  No står det igjen å sjå om sakshandsamar klarer å opptre meir nøytralt når saka vert presentert for politisk handsaming.

Under seansen vart det stadig vist til resultata i tillitsundersøkinga frå 2021.  Ei liknande undersøking gjennomført i 2023 vart knapt nemnt.  Det hadde vore interessant å få presentert innhaldet i denne siste òg. Kanskje kjem det fram andre signal om kor tilfredse innbyggjarane er etter 3 års drift?

Høgtrykk med sol i indre, langsiktig lågtrykk og ruskever på ytre/søre

Det synes som administrasjonen vil at all utvikling skal skje på strekninga Alsaker – Indre Skårhaug.  Inntrykket vert støtta av stadige innlegg i lokalpressa.  Forslag til nye idrettsanlegg og næringsareal på Eid, nytt kommunehus, statens hus, landstraum og støtte til Fjordhestsenteret er døme på dette. Det same gjeld måten reguleringsprosessen for Nordfjordeid vert gjennomført og den store viljen til å støtte fritidsaktivitetar rundt kommunesenteret. Stad Vekst AS, det kommunale idrettsrådet og Fjordabladet byggjer opp under dette inntrykket. Positive tiltak eller ikkje, forslaga er lite musikalske og verkar splittande sett i lys av den påstått dårlege kommuneøkonomien som hindrar nye låneopptak.

Kommuneleiinga ser heller ikkje ut til å ha teke innover seg kor dårleg det står til i, og rundt Selje. Dei siste 10-åra er ca. 300 arbeidsplassar borte. 230 innan industri i tillegg til fråfall innan reiseliv, offentleg forvaltning og privat tenesteyting.  Tapte arbeidsplassar innan jordbruk og fiskeri samt at Nav, tannlege, post, bank, politi og likningskontor er sentralisert bort høyrer og med til historia. Størst negativ effekt har det hatt at kommuneleiinga vart flytta samstundes som føresetnadane i samanslåingsavtala ikkje er oppfylt.

I 2016 brann Selje Hotell og er enno ikkje erstatta. I dag er her 1 kolonial- og ingen klesbutikk igjen, og det er manko på utbyggingsklare tomter til bustadar og næringsetablering.  Her er heller ikkje  kulturbygg eller funksjonell idrettshall og symjebassenget har vore tomt for vatn i 20 år. Eit dårleg utgangspunkt for å snu ei negativ utvikling i eit utarma distriktssamfunn.

Selje er ved et kritisk vegskilje.  At det er behov for vekst og nye arbeidsplassar i denne delen av kommunen kan det ikkje være tvil om. Difor må det eit krafttak til i samspel mellom private og offentlege aktørar for å gjenreise området til ein attraktiv stad å bu. Det var forventa at møtet i finansutvalet ville signalisere vilje til handling.

.

Dessverre har det festa seg eit inntrykk av at kommuneleiinga driv med styrt nedbygging av denne delen av kommunen. Døma er fleire, men nemnast bør den rotete og treige  reguleringsprosessen for Selje sentrum, prosessen rundt bygging av ny symjehall i Selje og manglande interesse for å utnytte synergiar frå Stad Skipstunnel lokalt.

Budsjettframlegg for 2024

For ein som bur i ytre/søre del av kommunen er dette både deprimerande og provoserande lesing. Verst er det at vedtekne budsjettpostar er strokne, ikkje utsette, grunngjeve med midlertidig endra økonomisk situasjon. Her ligg det til rette for omprioriteringar og politiske omkampar.

Budsjetthandsaminga som startar utan oppdaterte driftstal og med ei særs negativ situasjonsskildring er lite tillitsvekkande. Erfaringane frå dei 3 fyrste åra har vist at administrasjonen i stor grad har bomma i sine anslag når budsjettarbeidet tek til. Kvart år har det dukka opp positive overraskingar som har gjeve store overskott når rekneskapen vert gjort opp. Kvifor kan ein ikkje forvente det same for 2023 og framover?

Gjennom åra, har det òg dukka opp ein del overraskande prosjekt som er blitt finansiert over disposisjonsfondet utan særleg politisk debatt.  Nokre millionar «her og der» er òg pengar som reduserer moglegheiter for at andre, allereie vedtekne prosjekt vert realiserte.

Når det kjem til symjebasseng i Selje, er det nok ikkje pengane som manglar, men viljen.

Ei utvikling i feil retning

Leiinga synes ikkje å ta innover seg at det ikkje vert ro i kommunen før fritidstilbod og investeringar i offentleg infrastruktur også i ytre er på plass. Folk her føler seg rett og slett svikne.

Håpet er at Stad kommune i framtida vert driven i tråd med vedtekne strategiar. Kommunen skal sjåast under eitt og det skal skapast bu-lyst og levande bygder frå Holmøyane til Honningsvåg Dette krev ei heilt annan tenking enn i dag då ein ser klare teikn til styrt avvikling av ytre del. Sjølvsagt trengs eit sterkt kommunesenter, noko det allereie er. Men distrikta må og ta del i framtidig utvikling.

Det krev at politikarane tek styring og administrasjonen hindrast i å drive med politikk.. Om nødvendig må senterstrukturen i kommunen endrast der Selje vert løfta fram til kommunedelsenter og Bryggja/Leikanger til lokalsenter.

Men skal den kommuneøkonomien betrast, er det ikkje berre investeringssida ein må sjå på.  Driftskostnaden må reduserast, noko som krev strukturendringar og færre  tilsette i administrasjonen.  For ein periode kan òg standarden på enkelte kommunale tenester senkast. Dessutan,  planlagde investeringar i kommunesenteret bør «frysast» i eksempelvis 5 år slik at ressursane kan nyttast til utvikling av distrikta.  Etter mi meining er strandstaden Eid i dag sjølvgåande og toler ein pust i bakken.

Men slike endringar kjem ikkje av seg sjølv. Det krev lokalt engasjement.  Håpet er at signala frå møtet i finansutvalet får ytre del til å samle seg til felles kamp for ei positiv utvikling også i denne delen av kommunen. Det hjelper ikkje med likegyldigheit eller å stå med hua i handa. Heller ikkje å sparke bein under dei som tek opp kampen.  Samling og koordinert innsats må til.