Av Dag Austring

Etter at mitt lesarinnlegg om Stad Skipstunnel vart eg oppringt av øvste politisk leiing i Stad kommune, der eg vart gjort oppmerksam på kvifor det ikkje var mogleg å nytte alle steinmassane frå tunnelen så nær tunnelopningane som eg ønskte.

Det vart opplyst at ordførarane frå Kinn og Vanylven «låg nedover ryggen vår» med krav om å få tildelt stein frå tunnelen. Desse viste til underteikna avtale mellom kommunane, også underteikna av tidlegare ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo, om tredeling av massane mellom desse tre kommunane.

Total steinmasse er ca. 6 mill. kubikk, noko som vil bety iflg. avtalen at Vanylven og Kinn skal ha 2 mill. kubikk kvar. Dette betyr at det då kun er igjen 2 mill. kubikk til Stad kommune. Kven skal betale for steinen som skal fraktast til Kinn og Vanylven?

Eg kan ikkje hugse at det tidlegare har vore politisk handsama slik avtale i Stad kommune. Det betyr at finnes det slik avtale så har Bjørlo underteikna denne på vegne av Stad kommune uten politisk klarering. Noko slikt er etter mi meining kritikkverdig. Eg forlanger at kommunedirektøren opplyser om det finnes slik avtale.

I telefonsamtalen vart det også opplyst at Skjeppestad, som er prosjektleiar for Stad Skipstunnel, skal ha gitt kommunen v/politisk leiing beskjed om at ein kunne ikkje fylle steinmasser i Lesto-vika der djupna var under 25-30 meter, og at det var «ekspertisen» som hadde slått det fast. Etter det eg kjenner til har Skjeppestad meint noko anna tidlegare.

Eg gjentek min påstand i tidlegare lesarinnlegg. Dersom ikkje mesteparten av steinmassene frå tunnelen vert nytta så nær tunnelopningane som mogleg er det stor fare for at tunnelen vert så mykje fordyra at den ikkje vert bygd.

Eg vert forundra over det som vert fortalt om Stad Skipstunnel frå offentlege hald. Eg lurer på om det er nokon som arbeider med dette prosjektet frå Stad kommune, enten frå administrasjonen eller politisk hald, som har som mål å medverke til at tunnelen skal verte så kostbar at den ikkje vet bygd. Eg vonar eg tek feil.

Eg vil be alle som har noko formelt med framdrifta av tunnelen å gjere, å ta kontakt med sentrale styresmakter for å høyre kva som vert konsekvensane av ein mykje dyrara tunnel enn byggekostnadane som var grunnlaget for positivt vedtak då Stortinget vedtok å bygge tunnelen.

Eg kjem til å sende kopi av dette lesarinnlegget til Erling Sande, prosjektleiar Skjeppestad, kommunedirektør Åslaug Krogsæther og ordførar Gunnar Silden.