Av Dag Austring:

I Prop. 97 S Bygging av Stad Skipstunnel står det følgjande om samfunnsøkonomisk analyse om tunnelen: I samband med kvalitetssikringa frå november 2020 er det utarbeidd ein oppdatert samfunnsøkonomisk analyse av dei prissette effektane. Denne viser at prosjektet er samfunnsøkonomisk ulønnsam, med ein prissett netto nytte på minus 2350 mill. kr.

Les ein medlemmane i Transportkomiteen på Stortinget sine merknadar, så går det klart fram at det var det lokale næringslivet sine muligheiter til å bruke overskotsmassane til samfunnsmessig nytte, og skape arbeidsplassar, som gjorde at Storinget likevel vedtok å bygge tunnelen.

Då er eg forundra over at både person(er) og politikarane i Stad kommune no ser ut for å medverke til at nytteverdien av steinmassane frå tunnelen ikkje skal nyttast til næringsutvikling i nærområdet til tunnelen. Eg vonar eg tek feil når eg påstår at det vert arbeidd aktivt frå dei som arbeider med ringverknadane frå tunnelen til å redusere omfanget av industriområdet i Lestovika.

Etter mi meining vil ei fullverdig utfylling/opparbeiding av størst mogleg industriområde i Lestovika ha enorm betydning for framtida for Selje-området. Det vil neppe komme liknande moglegheit i overskueleg framtid til å kunne legge til rette for framtidig auke av arbeidsplassar i ytre Stad kommune.

I Moldefjord-område kan det også kunne leggast til rette for tilbud innan reiseliv, dersom det er vilje til å bruke mykje steinmasser til slike formål. Det kjem til å verte ein omfattande trafikk av småbåtar gjennom tunnelen. Det vil vere tragisk for Ytre del av Stad kommune dersom person(er) og politikarane i Stad kommune med vilje skuslar bort muligheita til å syte for at positive ringverknadar av denne trafikken  kjem Stad kommune til dels.

Kystverket har allereie signalisert at tunnelen vert dyrare enn tidlegare berekna. Dette betyr at prosjektet sansynlegvis må tilbake til Stortinget til ny handsaming, med krav om tilleggsfinansiering. I dagens «krig» om samferdselsemidlar vert det ein krevjande situasjon. Vi får berre vone at overskotsmassane vert brukt så nær tunnelopningane som mulig. I motsatt fall kan det verte ein fare for at tunnelen ikkje vert bygd.

Eg vonar lokale instansar ser nødvendigheita av å bruke vet og forstand i arbeidet som no pågår i forkant av at tunnelen skal ut på anbod, og syter for at det vert føreslege fornuftig bruk av steinmassane så nær tunnelopningane som mulig.