Av: Geir Kroken

«Det er ikkje gitt at alle veit kva og korleis ein planprosess er», seier kommunalsjefen. Då er tek vi til vitande at ein god planprosess krev godt forarbeid.

Slik vi ser saka, basert på alle innspela til oppstart av detaljregulering på Mel som Stad kommune har teke imot før fristen 11. august er tydelege. Her kjem det klart fram både frå faginstansar og andre avsendarar at; Prestevikja er ikkje eit eigna areal for framtidas kloakkreinseanlegg.

Godt er det då at politikarane no har gjeve administrasjonen i Stad kommune i oppdrag og greie ut alternative til plassering av kloakkreinseanlegg.

Utan omsyn til våre kvalifikasjonar om planprosessar er vi inviterte til å uttale oss, og sjølvsagt er dette vår fulle rett! Vår agenda og tydelege stemme frå fyrste dag har vore:

Vi protesterer på kommunale planar om å regulera Prestevikja frå friområde til industriføremål med kloakkreinseanlegg.

2,4 mill. blir brukt til heilt naudsynte geologiske undersøkingar

På trass i innspel og nye instruksjonar frå politikarane spør vi på nytt om boring i ålegrasenger/regnskog og «kulturminne» er heilt naudsynt arbeid og kostnad?

Varsel naboar har fått over borepunkt ser slik ut. Foto: Stad kommune

I vår klage til Stad kommune knytt til undersøkingane var blant anna følgjande teke opp:

Vi kan ikkje sjå av varselet som er sendt ut om Stad kommune er klar over kva konsekvensar planlagde undersøkingar kan få for ålegraset og livet i fjæra. Vi er og usikre på om Stad kommune er innforstått med viktigheita av slike enger av ålegras, og den betydning den har for livet i fjorden vår.

Slik vi er kjent med så er planlagde utfyllingar i sjø andre stader i landet blitt stogga grunna førekomst av ålegras. Kva har innspela å sei for Stad kommune si sakshandsaming?

I svaret frå kommunalsjef stod det: Saka er ikkje eit enkeltvedtak som kan klagast på.

Politikarane har skjønt det

Eit kloakkreinseanlegg tilpassa framtidas miljøkrav skal ikkje liggje i Prestevikja.

Oppstart av reguleringsplan starta utan vurderingar av andre lokasjonar. Saka om «Mel..» starta som utvalsleiaren i UAE fortel, som ei «oppgradering» av gamalt og slite anlegg, men saka har «balja» på seg ….

Politikarane har skjønt de, dei har tatt til veit og gitt administrasjonen i oppgåve å greie ut alternativ til Prestevikja for plassering av kloakkreinseanlegg. Allereie på informasjonsmøte 19. juni var det bifall og nikk frå fagfolk i administrasjonen at lokasjonen for reinseanlegg burde vere for eksempel i «Svora», eller lagt til ein annan egna lokasjon. – Kloakkreinseanlegg skal ikkje ligge i sentrum.

Innspel til saka er mange, og inneheld ei rekke tungtvegande grunnar til å stoppe planane på Mel.

Innspel til varsel om «detaljregulering for Mel reinseanlegg»

Kvifor har ikkje Stad kommune kommentert sentrale innspel som;

1. Ålegrasenger i Prestevikja – som Havforskningsinstituttet omtaler som havets regnskog

Skal vi rasere og øydelegge for all framtid ? -Vi krev at EUs direktiv om vern av sjøområde med heilskapleg forvaltning av biologisk mangfald og vern av ålegrasenger i Prestevika blir etterfølgt.

2. «Kulturminne» viktig for vikingstaden Nordfjordeid?

Ballastskjera i Prestevikja må bevarast – eit synleg bindeledd mellom gammal og ny tid – rett fram ei gåve til Sagastad og vår historieforteljing om gammal tid.

3. Vestland fylkeskommune si klare oppfordring til å greie ut fleire lokasjonar

«. val vi gjer no må vi leve med for all framtid – no kan vi ta tak og skape framtida slik vi ønsker oss den – seinare er det uråd å reversere feilgrep av vedtak som blir fatta. Dette må dei nyvalde politikarane ta innover seg når dei no går på vakt.

4. Merknader frå Statsforvaltaren-

«-legg til grunn at det ved eventuell utarbeiding av reguleringsplan, vert planlagt med minst mogeleg utfylling i sjøen …. Statsforvaltaren skriv og at kommunen må vurdere om ei arealbruksendring frå friområde vil kunne føre til at det blir knapt med tilgjengeleg areal for småbåtanlegg og friluftsliv ved sjøen ved Nordfjordeid Sentrum»

Kloakkreinseanlegg for Nordfjordeid og Haugen

For å skape arbeidsro for Stad kommune er vårt forslag at dei bør ha fokus på reinseanleggsaka med den nye tittelen «Kloakkreinseanlegg for Nordfjordeid og Haugen», der dei samtidig set planprosessen på Mel på vent, til endeleg lokasjon er valt.

– Spar skilling i ei slunken kommunekasse, – der vi foreslår at Stad kommune endrar avtalen knytt til pågåande prøvetaking i Prestevikja.

Eit kloakkreinseanlegg i område «Svora» er foreslått av fleire. Tida er og inne for å få fart på gang og sykkelveg frå Hauane til Eid sentrum. Stad kommune og Statens vegvesen har tidlegare gode erfaringar frå prosjekt med samordning av ressursar og finansiering. Eit godt eksempel er spleiselaget då vatn og anna infrastruktur kom på plass i samband med ny sykkel og gangveg frå Nord-bru til Eid.

Å løyse kloakkutfordringar for både Haugen, Hjelmelandsdalen, Skårhaug og Eid på same tid er truleg svært kostnadssparande.

Den framtidige lokalisering av kloakkreinseanlegg for Eid og kringliggjande region må ha tilstrekkeleg areal med rom for framtidige EU-krav som kjem knytt til nullutslepp og klimakrav.

Kommuneadministrasjonen bør nytte høve til å komme inn på nye spor i utgreiing knytt til framtidig plassering av kloakkreinseanlegg til beste for innbyggjarar og god sentrumsutvikling.

Vi blir indignert over at talsperson for Stad kommune i fleire av orienteringsmøta poengterer at dei manglar naudsynt kunnskap om kva type og kloakkreinseanlegg som skal etablerast. Det minste vi forlanger av planprosessar på dette tidspunkt er at dei tek til vitande kva som er kommande krav. Krav til sekunderreinsing kjem. EU – krav om nullutslepp og klimanøytralitet er ein og nøydt for å ta høgde for i planprosessen.

Argumentet «på Mel finst det allereie nødvendig infrastruktur»,- er ei sanning med store modifikasjonar, og tenderer til å halde innbyggarar for narr. Eksisterande «sil og filterstasjon» på Mel er i dag eit knutepunkt for kloakk frå Eid og Eidsdalen. Eksisterande utstyr i dagens stasjon på Mel er utdatert og utslite og kan ikkje gjenbrukast. Då er det slik at det nye sekunderreinseanlegget vil gje same kostnad uavhengig av lokalisering.

Argumenta om å vidareføre detaljplanarbeidet på Mel fel då på si eiga urimelegheit. Vurdering som no må takast er knytt til kostnad på byggetomt for dei ulike alternativ, samt når eit sekundærreinseanlegg kan stå ferdig. Til denne prislapp krev vi at alle dei kringliggande konsekvensar blir vekta. Her krev vi at konsekvensar på kort og lang sikt knytt til, folkehelse – psykisk og fysisk, oppvekstvilkår, trivsel, tilgang til sjø, bortfall av biologisk mangfald og kulturminne blir nøye vurdert og konkludert.

Vi er trygge på at ei utfylling i Prestevikja vil falle langt ned på ei slik vekta liste. Utfylling av fjorden er ikkje berekraftig og heller ikkje god sentrumsutvikling, – dette er nok dei flest i Eid einig i.

Pumpestasjon i Prestevikja

I orienteringa til kommunestyret informerte Kommunalsjefen om at det uansett val av lokalitet for kloakkreinseanlegg måtte etablerast ein pumpestasjon i Prestevikja. Dette er kloke tankar – dette heiar vi på.

Vi oppmodar Stad kommune om å få fart på planane om framtidige løysingar for kloakkreinsing der ein samtidig har opning for å løyse fleire infrastruktur oppgåver.

Kloakk frå Skårhaug, Haugen og Hjelmelandsdalen, som i dag ikkje er knytt til eksisterande infrastruktur må inn i planen. Det nye reinseanlegg må då som minimum planleggast og dimensjonerast for å kunne ta hand om og reinse kloakk frå ein større region enn Eid sentrum.

At folk trivast og fortsett vel Eid og bygdene rundt som heimstad og hjartestad er avgjerande for framtidig utvikling, trivsel og vekst i Stad kommune. Kloakkreinseanlegg i sentrum er ein dårleg ide og er ikkje i samsvar med Eid sine framtidsvisjonar om å vere «Grønne og Smarte i 2030».

Med positive tankar frå – Foreininga Prestevikja Friområde