Av: Nils-Helge Løkling

Dette er ikkje protest mot arbeidet med detaljregulering, men mi meining om kva som er fornuftig å gjere med reinseanlegget. Den stasjonen som vi har på g.nr/br.nr 43/14 held ikkje mål i notid- nær framtid og må gjerast noko med. Men så er det spørsmål kva kan ein gjere i nærområdet til dagens stasjon, eller om vi må finne ei anna løysing.

Det som ligg i planen for utfylling av området i Skårhaugstranda har allereie skapt store protestar, og med rette. Faren og angst for lukt og støy er forståeleg, og ikkje minst kostnaden med utfylling av området er alvorleg stor. Difor meiner eg at det må finnast eit alternativ til planen, og det er følgjande:

- Stasjonen på gnr/brnr 43/14 kan behaldast som ein pumpestasjon for noverande og framtidige tilkopla avløp

- Det vert etablert eit anlegg i Svora, gnr/brnr 40/1-2,4-6,8, som vert knytt saman med leidning i sjø inn mot pumpestasjonen på Skårhaug

- Arealet i Svora er allereie opparbeida/store deler sprengt ut av tidlegare brukar som nytta massen til utfylling av Nordøyrane. I Arealdelen i kommuneplanen for Haugen 2015-2027 er dette området farga brunt med nr BRU 03. Dette anlegget/området er knytt til kommunal veg med tilgang Nedre Lid og har eit areal som truleg er stort nok til eit reinseanlegg, kanskje og eit næringsareal i tillegg. Området er tidlegare avklara med rasfare, jfr uthenting av massar tidleg på 1980-90 talet

- I eit notid/langsiktig perspektiv så er samletanken på Haugland, gnr/brnr 38/4, utgått på dato, og med nye etableringar av bustadfelt i Haugen vil dette anlegget straks krevje oppgradering. Det er då lett å legge sjøleidning til eit anlegg i Svora likt den som kjem frå Skårhaug

Skal ein følgje planen om utfylling på Skårhaugstranda så vil dette krevje tid, for ei utfylling må "sette seg" før ein kan bygge på den, truleg minst 3 år. Og så er det tid med planer, protestar, statsforvaltar osv. Eg meiner at ein kan spare den tida, anlegget i Svora kan kome på plass rimeleg raskt og sjøleidning er ikkje noko nytt. Og ikkje minst så vil truleg dette verte ei god løysing å presentere oppsitjarane på Skårhaug. Og vi "strandsitjarane" vil unngå dritlukta, og framtidige turistar vil oppleve Eid sentrum som ein idyllisk plass.

Det er mogleg å tenkje alternativt.