Av Geir Magne Hoddevik, leiar i Hoddevik velforening:

I Fjordabladet 6. oktober freistar feriegjest Torkel Karoliussen å gjere narr av Hoddevik velforeining sitt standpunkt til gatelys i bygda. Han brukar «bygdeoriginalen» Oluf i Raillkattlia si utsegn om konsekvensane av manglande apotek i Litjevika som analogi.

Samanlikninga er dårleg, for velforeininga har ikkje sagt at svært mange vil døy om det ikkje kjem gatelys. Vi meiner imidlertid at dersom gatelysa fører til at vi unngår ein alvorleg trafikkskade, og at det blir tryggare for alle å ferdast langs fylkesvegen, er nytte/kostnadsbrøken større enn ein. Dei gamle innbyggjarane bør vel også ha rett til ein trygg veg? Eg meiner trygg i vidare forstand, ein veg som gjer ein vinterkveldstur mogleg for dei også, eventuelt bak gåstolane sine….

Karoliussen har vore gjest i Hoddevik, men bur i Hemsedal. Der har han vore redaktør og lokalpolitikar (SV), han er friluftsmann og har drive kommunikasjonsbyrå. Og det skal han ha – han skriv godt!

Han har ofte hjelm på hovudet når det er bilete av han i skibakken. Han meiner truleg at hjelm er fornuftig (det meiner eg også), sjølv om risikoen for å få store skader i hovudet ikkje er veldig høg.

Det er den potensielle konsekvensen av alvorlege skader vi ynskjer å førebygge, med hjelm eller gatelys.

Det er ikkje mange turistar der om vinteren, seier Karoliussen. Nei, langt færre enn om sommaren. Men likevel ein god del, fordi bølgene er større og meir utfordrande om vinteren.

Karoliussen slær inn opne dører når han skriv at ikkje alle er for gatelys. Han meiner at støtten ikkje er massiv, det er det berre naturen og turiststraumen som er.

Nei, når 75% av dei fastbuande, 3 av 4 turistbedrifter og eit stort fleirtal av dei som no er med i velforeininga er for (14 for, 1 mot og 2 blanke då vedtaket vart gjort i 2012), er ikkje alle for. Men klart fleirtal, vil eg seie!

Han har sett seg inn i kulturhistorien til bygda, og fått med seg at det til og med var fotballag her. Ja, og det var handballag for kvinner også. Det var meir liv i bygda, men det er diverre ei stund sidan. Dette var i far og mor si ungdomstid, og dei reiste med småbåt til bortekampane sine!

Karoliussen gløymer ein relevant ting som bygda hadde før, til liks med fotballag, skule, mjølk og butikk – nemleg gatelys!

Foreldrene og besteforeldrene våre bygde gatelys på privat initiativ og kostnad på 1970-80-talet. Det var vel 10-15 lyspunkt, kopla til dei fleste husa i bygda. No står kun to fungerande lysstolpar att.

Sjølv før surfeturismen traff bygda, og trafikken auka sterkt, meinte altså «urinnvånarane» at det var naudsynt å lyse opp bygdevegen.

Både Karoliussen og turistvert Anne Kari Lerfald er uroa for at gatelysa vil øydeleggje turismen i Hoddevik. Det skin gjennom at turisme er viktigare enn ynskja til dei som bur eller har røtene sine i bygda.

Men – og merk deg dette – det er turisme på deira premissar som er viktig. Dei ynskjer at bygda skal vere som i gamle dagar (rett nok med straum til elbilane og godt internett), slik at ein kan selje økoturisme med stjerner og havlys, og ha mest mogleg eksklusiv rett til natur og kulturlandskap i Hoddevik. I debatten om gatelys er dei uroa for framtida til turistnæringa, men i andre samanhengar har Lerfald advart mot den store auken i denne trafikken. Det må vel vere den klassiske manøveren med «å drage opp stigen etter seg»? Viss gatelys reduserer turismen til eit berekraftig nivå, må vel alle vere nøgde? «To i ein», som eit kommunikasjonsbyrå ville ha sagt. Stjernehimmelen, skumringstimen, havlyset eller fjellkonturane vil nok ikkje bry seg om at det kjem gatelys i Hoddevik. Observatørane må kanskje flytte seg litt vekk frå det sterkaste lyset i bygda.

Denne saka har fått fram den underliggande konflikten mellom ulike grupper når det gjeld bruk og vidare utforming av den same, knappe ressursen - naturen og kulturlandskapet i Hoddevik.

Velforeininga meiner denne konflikten skal løysast demokratisk, slik det er gjort. Så kan ein sjølvsagt diskutere kven som har rett til å legge røyster i valurna.

Etter vårt syn må fastbuande, næringsdrivande og personar med slektrøter og liknande tilknyting til bygda ha rett til direkte påverknad. Tilfeldige gjestar bør kanskje holde seg litt meir i bakgrunnen. Men meiningsytring er uansett bra.

Tre av fire turistbedrifter i bygda er for gatelys (Stad surfing, Lapoint og Hoddevik strandcamp). Dei trur altså ikkje at turistane bråsnur på Kleiva når dei ser at det er kome gatelys i bygda.

Torkild Strandvik i Stad surfing indikerer at han ynskjer at lysa blir avslått om natta. Det er eit framlegg ein absolutt bør sjå nærare på i ein «driftsmodell» for lysa. Kanskje det teknisk sett blir naudsynt også (batterikapasitet)?

Ei bedrift er mot gatelys (Akka surf). I eit demokrati er det fint og nødvendig med ulike syn, men mindretalet bør «belite seg», som dei seier her i Bergen.

Ein slik grunnleggjande konflikt mellom ulike interesser har ein mange stader, jamfør debatten om «via ferrata-ruter» eller «sherpa-trapper». Tilrettelegging av fjellet for meir «vanlege folk» blir ofte møtt av motsegn frå meir eksklusive grupper, som vil ha fjellet for seg sjølv. Ofte har ulike klatreklubbar teke seg til rette (bolting) utan å spørje grunneigarar, slik dei skal etter lova. Det står forresten ein interessant artikkel om Andersnatten i Sigdal i siste nummer av D2 (Dagens Næringsliv sitt helgemagasin). Der kjem den gamle klatrelegenden Ralph Høibakk med kloke refleksjonar.

Torkel Karoliussen har vore politikar i Hemsedal, og kjenner sjølvsagt godt til dei demokratiske spelereglane. Eg er glad for at han trass alt kallar seg gjest i Hoddevik.

Fjellbygda Hemsedal kom i bakevja då Bergensbanen vart lagt via Ål og Geilo i 1909. Fjellturismen var avgrensa til nokre få som gjekk tur på gamlemåten. I 1939 vart første utgåve av Tottenheisen bygt, og turismen auka.

No er det ikkje mykje som minner om den gamle, urørte fjellbygda. Sist eg var der, var det mykje lysureining. Eg likar Hemsedal, men har aldri tenkt at eg skulle ha påverknad på utviklinga av bygda.

Det er fleire hyttefolk enn fastbuande i Hemsedal. Likevel viste det seg at hyttefolket hadde lite å seie då kommunen, etter råd frå kommunelegen, nekta dei å bruke hyttene sine under pandemien.

Vedtaket vart nok gjort meir av frykt enn på basis av medisinske fakta, men er likevel ein god illustrasjon på korleis lokaldemokratiet må fungere.

Både Karoliussen og Lerfald ser ut til å vere skeptiske til den tekniske løysinga. Dette er eit pilotprosjekt, og justeringar undervegs bør ein vere førebudd på. Vi må også kunne diskutere «driftsmodellen»; natt/dag, demping, lysstyrke etc.

Det er uansett rart at folk som er så opptekne av natur og miljø ikkje helsar velkomen ei løysing som skal utnytte naturen sin eigen, reine energi.

Hoddevik velforeining er glad for at Vestland fylke vil prøve dette ut i bygda vår. Vi stolar på at prosjektleiaren for anlegget har ryggdekning når han sa til NRK at gatelysa kjem i desember.