Av: Jan Per Løken

Formålet med det eksisterande avløpsdirektivet er primært å redusere utslepp av organisk materiale og næringssalt som kan føre til eutrofi (overgjødsling) i resipientar. Eidsfjorden er langt frå eutotrof. Etter omfattande tiltak frå kommune, landbruk m.m. er fjorden heller blitt næringsfattig. Dette har skjedd på kostnad av eit rikt og sunt biologisk mangfald og eit aktivt fiskeri.

EU er no i ferd med å revidere avløpsdirektivet. Det vert gått inn for at dette skal også gjelde for Noreg. Det skal i framtida ikkje lenger vere høve til å stille lempelegare reinsekrav til utslepp av næringssalt i sjømråde sjølv om der det ikkje er fare for overgjødsling. På bakgrunn av dette har Stad kommune sett i gong planarbeid for etablering av eit høggradig reinseanlegg for fjerning av næringssalt. Ettersom dette vil skje på kostnad av eit godt og sunt biologisk mangfald, både for sjøfugl og fisk og ikkje minst er eit tap av biomasse som bind opp klimagassen CO2, var eg overtydd om at kommunen hadde misforstått. Etter ei samtale med ein sentral person i kommunen, og ein nøye gjennomgang av saksmateriale,t finn eg at det verkeleg ikkje er mistyding. Det store paradokset er at det kan føre til fare for utrydding av sårbare sjøfuglbestandar. Sjøfuglane finn ikkje nok mat. Dette har jo vore ei bekymring for miljøvernstyresmaktene dei siste åra. Difor eit paradoks.

Dei store føremonene naturmiljøet har med litt planteføde gjer at eg framleis er viss på at det er vikarierande motiv som er ein årsak til revisjonen. Det skjer det same i Europa no det same som ein gong verserte i California. Det vert utdanna for mange reinseteknologar. Det må hindrast at nokon har utdanna seg til arbeidsløyse.

Dersom endringa vert godkjend, kjem det krav som kommunen må etterkome. Men stadvalet til kommunen for eit slikt anlegg er etter mitt syn uheldig. Ein kan ikkje plassere ei slik stinkbombe inne i en tettstad. Fjerning av nitrogen er komplisert, og det skjer driftsvanskar. Dette skjer særleg rundt juletider då alle hushald skal gjere reint etter det feite julemåltidet.

Eg meiner at kommunen er for tidleg ute med oppstart av planarbeidet. Ein burde i alle høve vente til det nye avløpsdirektivet er godkjend. Det burde så absolutt føretakast konsekvensanalyse og synfaring til eksisterande anlegg. Dei folkevald som skal bestemme må få greie på kva verknad dette har på nærmiljøet og snakke med dei som bur der. Dei må få greie på kva dette handlar om.