Av Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen og Geir Vangsnes, distriktsleiar for Kreftforeningen i Vestland fylke.

Kreftforeningen jobbar for kreftsaka heile året, men akkurat i mars tek me eit skikkeleg Krafttak mot kreft. Ved hjelp av fleire tusen russ og andre engasjerte frivillige over heile landet samlar me inn pengar til kreftforsking. Sidan starten i 2006 har denne folkerørsla bidrege med meir enn 430 millionar til forsking. I år kan me leggja til nærare 40 millionar kroner til denne summen. Det vitnar om eit fantastisk engasjement for kreftsaka!

Og godt er det: I forkant av aksjonen i år gjekk me nemleg ut med ei bekymring. Stadig fleire av oss får kreft, utan at styresmaktene løyver meir pengar til forskinga som kan gi oss betre og meir målretta diagnostisering og behandling.

Kreftforeningen finansierer allereie ein tredel av all kreftforsking som blir gjord i Noreg. Takka vera dei mange tusen som har gitt eit bidrag til Krafttak mot kreft, kan me gi avgjerande midlar til forskarar som jaktar på nye løysingar for kreft med spreiing. For sjølv om stadig fleire overlever kreft, er det framleis ekstra krevjande å behandla sjukdommen når han har spreidd seg.

Det har vore ei sann glede å følgja dei mange som har engasjert seg i Krafttak mot kreft i mars. Me blir stolte, rørte og glade over russ som seier at dei ikkje har lyst til å gi seg enno, men vil halda fram arbeidet for kreftsaka ut skuleåret. I aksjonsveka i midten av mars gjekk fleire tusen frå dør til dør med Vipps-plakat og inviterte det norske folket til å bidra. Digitale innsamlingar har fylt sosiale medium, og fantasien har vore stor: Nokon har farga håret på kvarandre (og lærarar!) når dei har nådd eit innsamlingsmål. Andre har lova å hoppa i havet, eller utfordra rektor eller ordførar til eit kaldbad. Influensar Ellen Aabol, som sjølv mista pappaen sin til kreft i romjula, oppmoda dei mange følgjarane sine til å droppa dagens kjøpe-kaffi eller brus. Det resulterte i det me må kunna kalla Noregs første organiserte mikrofinansiering av kreftforsking. Ein tiar her og ein femtilapp der vart i løpet av ei vekes tid til meir enn ein halv million kroner i Ellen si innsamling. I eit år der me veit at folks utgifter har vore store, er dette eit bevis på at kvar einaste teier tel.

Engasjementet i Stad og i heile Vestland fylke har vore stort. Blant anna takka vera russen og elevane ved Eid VGS, og alle de som har støtta deira innsamling, har me i Vestland fylke samla inn kr. 6,3 millionar. Ved Eid VGS vart det samla inn heile kr. 73265,-

Og pengane kjem framleis inn!

Me ønskjer å retta ei stor takk til russen som organiserte innsamlingsaksjonen, og til elevane som deltok i aksjonen. Innsatsen deira er uvurderleg. Også vil me takka alle de som støtta årets Krafttak mot Kreft.

Me tek audmjukt imot kvar einaste innsamla krone, og gler oss til å lesa søknadane frå forskarar som brenn for å få finansiert nettopp sin studie. Me veit at dei set spesielt stor pris på forskingsmidlar frå nettopp Kreftforeningen. Som professor Terje Johansen i Tromsø seier: «Når eg jobbar med prosjekt som er finansierte av Kreftforeningen, tenkjer eg ofte på at dette er noko som mange har bidrege til. Tusenvis av menneske har gitt nokre hundrelappar kvar. Nokon har testamentert arven etter eit langt liv. Dette er gåver som er gitt med håp. Og dette håpet dannar grunnlaget for alt me gjer.»

Det er framleis mogleg å bidra til årets Krafttak mot kreft, ved å vipsa eit valfritt beløp til 2277. Gir du pengar, gir du håp. Håpet er at forskinga skal gi kreftpasientar med spreiing litt meir tid. Og litt meir tid, kan bety alt.