På Vg1 har elevane tre programfag. I programfaget produksjon lærer elevane mellom anna arbeid med maskiner, materialar og produksjonsutstyr. Under tekniske tenester høyrer bruk av verktøy, utstyr og måleinstrument. Kommunikasjon og samarbeid høyrer og med i her. Programfaget dokumentasjon og kvalitet omfattar bruk av teikningar, skjema, standardar og digitale verktøy. Kvalitetssikring er og eit sentralt tema. Andre året kan elevane velje mellom Vg2 Industriteknologi og Industriell møbelproduksjon. Sistnemnde er eit landsdekkjande tilbod der elevar frå heile landet kan søkje, men dagens 11 elevar er frå fylket. Gjennom Trearbeidsringen er det eit nært samarbeid med eit livskraftig næringsliv.

Etter Vg2 kan elevane ta påbygging til generell studiekompetanse, og studere ved høgskular eller universitet. Dei fleste vel å gå ut i lære med sikte på fagbrev etter to år i bedrift. Til utdanning innan TIP krevst det at ein er praktisk anlagt og har godt handlag. Vidare er det krav til nøyaktigheit og sjølvstende, og du må vere interessert i ny teknologi. Eit moderne samfunn er heilt utenkjeleg utan mekaniske fag. Eit utdanningsløp på TIP opnar porten til gode jobbar, og du kan gå vidare og ta 60 ulike fagbrev. Det kan vere arbeid innan køyretøyfaga, industrifaga, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, sjåføryrket eller maritime fag.

Eid vgs. har ei moderne verkstadavdeling med moderne teknisk utstyr. Ein synleg stolt utdanningsleiar Ove Lillestøl viser rundt i verkstadane med ein toppmoderne maskinpark. – Vi er i norgestoppen innan TIP, meiner han. -Skulen har kontinuerleg kontakt med bedriftene i distriktet, og elevane våre lærer ganske enkelt det bedriftene spør etter, seier han vidare. Han opplyser at skulen sitt ambisiøse mål er at nesten all produksjon skal skje i automatiserte maskiner. – Vi er verkeleg på god veg, avsluttar ein oppglødd Lillestøl.

Skulen samarbeider med bedrifter innan fagområdet både lokalt og regionalt. Nordfjord har eit oppegåande næringsliv som har heile verda som marknad for produkta sine. Bedriftsbesøk og yrkespraksis er ein viktig del av opplæringa. Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er dessutan eit prioritert satsingsområde. Etter Vg2 industriteknologi ved Eid vgs., kan ein i Nordfjord blant anna ta lærefaga industrimekanikarfaget, CNC maskineringsfaget, produksjonsteknikkfaget, sveisefaget og det aller nyaste polynerkomposittfaget, som produserer komposittar (blandingsmaterialar) til mellom anna båtar, bildelar, strukturar til fly og romfart. På industriell møbelproduksjon har dei skaffa seg ein splitter ny CNC femaksa maskineringssenter til 1, 5 millionar. Det lagar alle slags produkt i alle slags materialar. Maskinen er identisk med dei industrien brukar.

Samarbeid med Operahuset er ein viktig del av opplæringa på alle yrkesfag ved Eid vgs. TIP-elevane er mellom anna med på å lage kulissar, byggje scene, sveise lampar og lage møblar og interiør til operaførestillingar og musikalar.

ALLSIDIG MASKIN: Denne skjeremaskinen lagar delar til ei rad produkt. Elevane er frå v. Mustafe M. Isse og Jonas Jurgensen. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TALENT: Jonas Jurgensen har eit betydeleg talent for 3 D-teikning. Han nyttar programmet Solid works, og viser her fram teikninga til eit rekkverk med glasplater. Foto: Per Ole Lefdalsnes
DREIEMASKIN: Terrence Leftwich og Ove Lillestøl viser fram ein CNC-dreiemaskin. Den dreiar mellom anna i stål, messing og plast. Terrence held på ein jojo av plast. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NY DREIEBENK: Den splitter nye dreiebenken er Ove Lillestøl verkeleg stolt av. Den får dei gamaldagse dreiebenkane til å verke middelalderske. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SVEISAR SAMAN: Isak W. Kandal er i ferd med å sveise saman ein maskingrabb som han sjølv har datateikna. Foto: Per Ole Lefdalsnes
DYRKINGSGRABB: Isak viser her fram ein fullt ferdig dyrkingsgrabb. Den har TIP-initialar, veg 400 kilo, og er verd om lag 30 .000 kroner. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Printar fjordhest: Magnus Reksnes (t.v.) og Tor-Erik Halsteinslid ser føre seg ei framtid i lokal trearbeidsbransje. Tor-Erik held prototypen av ein fjordhest av plast printa ut i 3D-printaren til skulen. Foto: Per Ole Lefdalsnes
NY BENK: Victoria Hellebust (t.v.) og Hilde Løvlid lagar ein ny benk av kjerneved til klemmekroken i Eidsgata. Dei lovar at den skal vere klar til ”klemmesesongen” startar. Foto: Per Ole Lefdalsnes