På Vg 2 tilbyr skulen programfaget Interiør- og utstillingsdesign. Elevane kjem frå heile fylket på VG1, medan det på VG2 berre er nordfjordjenter.

Design og handverk ligg under yrkesfag, og etter to år på skulen kan elevane gå ut i lære i bedrifter med sikte på å skaffe seg fagbrev. Ein kan og velje eitt år med påbygging til generell studiekompetanse for studiar ved høgskular og universitet. Det finst og eit tredje år Vg3 Interiør som gjev kompetanse som interiørkonsulent.

Som elev får ein vere med på å jobbe med aktivitetar og arrangement i Operahuset Nordfjord. I haust hadde dei mykje arbeid med overflatebehandling av kulissane til operaen Hoffmanns Eventyr, og no i vår er elevane engasjerte i musikalen 2015 som ungdomsskulen set opp. Elevane får jobbe i team med elevar frå andre yrkesfagklassar ved skulen, i tillegg til lærarar og profesjonelle fagfolk.

Ekskursjonar og bedriftsbesøk er faste innslag i opplæringa. Etter Vg1 Design og handverk kan ein og velje Vg2 industrielle møbelproduksjon som er eit anna av tilboda ved skulen.

Design og handverk ved Eid Vgs har velkvalifiserte og erfarne lærarar, og er godt integrert i det lokale nærings- og kulturlivet. Dei får mange spektakulære og spennande oppdrag. I tillegg til arbeid med årlege opera- og musikaloppsettingar, skal dei lage ei interiørutstilling på Nordfjord Folkemuseum, og lage suvenir og kostymer til det nye vikingmuseet. Dei er dessutan stadig engasjerte i å lage vindauge-utstillingar for lokale butikkar.

Ungdom som er interessert i design av klede, mote, smykke, interiør, møblar, reklame, industridesign eller kanskje ein vil bli frisør? Då er dette rette utdanninga. Eleven får nytte dei kreative evnene sine i eit yrke. Utdanninga kvalifiserer for svært mange yrke, avhengig av kva Vg2 kurs ein vel. I tillegg til frisør kan ein bli til dømes gullsmed, blomsterdekoratør, utstillingsdesignar, kostymesyar, pianostemmar, urmakar, fotograf eller møbelsnikkar.

Elevane lærer bruk og utforming av ulike materiale. Dei gjennomfører heile prosessen frå ide til ferdige produkt, lærer om kunst og kultur og design og visuelle uttrykksformer.

Ein bør vere kreativ og ha anlegg for det estetiske. Det er og krav om nøyaktigheit, og ikkje minst interesse for å arbeide med hendene.

SKULE:Julia Gunnlaugsdóttir frå Eid skal utdanne seg vidare til interiørarkitekt. Frå venstre: Grete Mundal frå Fjærland skal bli frisør, medan Ane-Mathea Alfredsen Førde ennå er noko usikker. på yrkesvalet sitt. Figurane er laga av hønsenetting. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULE: Mari, Åse Helene og Mirjam viser fram plakaten for musikalen 2025 som er trykt på denne maskinen. Den fiksar og langt større oppdrag både i papir og tekstil. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULE: Elevane har etablert ungdomsbedrifta creative.ub. Dei har sjølve laga tinga i glasmonteren. Før jul selde dei sjølvlaga ting for tusenvis av kroner. Frå v.: Kjersti, Miriam Sjasmin og Emma. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULE: Elevane på Vg2. Miriam Sjasmin Andersen, Emma Ervik, Mirjam Leivdal, Åshild Helene Ytrehus, Mari Kandal Ramslien og Kjersti Wiik arbeider med ein modell av ein Gruffalo-bamse. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULE: Leni Aardal Venes frå Sogndal drøymer om å bli interiørarkitekt. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULE: Leni likar å jobbe tverrfagleg og har laga ein modell av ein ungdomskafé. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULE: Her diskuterer elevane og faglærarane (nr 2 f.v.) Inger Marie Osmundsvåg og Sigrun Leivdal, eit interiøroppdrag dei har fått. Dei skal friske opp eit tannlege-venteværelse. Foto: Per Ole Lefdalsnes