Generell studiekompetanse er ein slags «inngangsbillett» til høgskular og universitet, som trengs for å kunne studere. Elevar som vil velje studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag, interesserte i å skrive eller rekne, og interesserte i kultur- og samfunnsforhold.

Første året vil det berre vere obligatoriske fellesfag. Andre og tredje året kan elevane velje fordjuping innan eitt av programområda språk, samfunnsfag og økonomi eller realfag.

Studiespesialisering gjev det beste grunnlaget for vidare studiar ved høgskular og universitet. Dei som har spesielle studieplanar, bør undersøkje kva krav til programfag som gjeld for studiet. Viss draumen er å bli ingeniør, må ein ha fordjuping i faga fysikk og matematikk. Somme studiar set og krav til karakterar frå vidaregåande. Lærarstudiet krev til dømes karakteren 4 i norsk og matematikk.

Ein må og vere klar over at på fleire populære studiar er det sterk konkurranse om å komme inn, og dermed høge karakterkrav. Skulen har i dette skuleåret to førsteklassar på stud. spes. , kvar med 30 elevar.

Faga i første klasse er lik ved alle skular, men i andre og tredjeklasse har Eid vgs eit variert tilbod på programfag innan samfunnsfag og økonomi, språk og realfag.

Eit unikt og populært tilbod ved skulen er dei valfrie programfaga «skulemusikal» og breiddeidrett. Skulemusikalen i år var «Back to the 80’s» med fengande 80-tals musikk. Breiddeidrett er eit programfag for dei som er aktive innan idrett, eller rett og slett vil trene mykje. Faget består av både teori og praksis, og elevane kan komme opp til eksamen.

Teknologi og forskingslære (TOF)er eit nytt fag ved skulen. I tillegg til å gje elevane grunnleggjande kunnskap i vitskapshistorie og vitskapsteori, skal dette programfaget gje elevane erfaring med realfag i praksis. I faget gjennomfører elevane bedriftsbesøk, eit større forsk- ingsprosjekt og eit sjølvvalt forskingsarbeid i løpet av skuleåret.

Dei som har fullført Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram, kan ta årskurset påbygging til generell studiekompetanse. Dette kurset gjev moglegheit til vidare studiar ved høgskular og universitet der kravet er generell studiekompetanse utan spesielle fagkombinasjonar.

Ane Myklebust (st.sp.), Aurora Sofie Brekke-Bergh (pb)og Victoria Humborstad Opheim (st.sp.) seier at det ikkje blir noko friår på dei neste år. Det vert helsefag og/eller undervisning for dei. Ane har sett fysioterapi først og sjukepleie deretter. Victoria vippar mellom sjukepleiar og lærar/lektor, medan Aurora i mange år har visst at det er jordmor ho vil bli.

Stijn van Oorschot og Kennet Nordpoll valde studiespesialisering fordi det gjev stor valfridom vidare, og dei hadde høyrt positive ting om Eid vgs. Kennet er frå Selje kommune, og mange frå Selje har valt Eid vgs, seier han. Han har fordjuping i matematikk og økonomi, og tek sikte på å studere nautikk ved NTNU, og bli kaptein etter kvart.

Stijn har fordjuping i økonomi og engelsk, og vil ta utdanning ved handels- høgskulen (NHH) i Bergen. Han håper på ein leiarjobb i næringslivet.

DRAUMEJOBB: Stijn (t.v.) og Elias har funne seg ein arbeidsplass i biblioteket. Dei arbeider hardt no i innspurten for å få draumejobben i framtida; næringslivsleiar og kaptein. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SIKKER JOBB: Frå v. studierettleiaren, Ane Myklebust, Aurora Sofie Brekke-Bergh og Victoria Humborstad Opheim. Dei tre peilar seg inn på jobbsikre yrke som helsefag eller undervisning. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FORSKARSPIRAR: Gruppa TOF på Vg3 er på 10 elevar. Dei synest det er inspirerande å jobbe med dette litt spesielle realfaget. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KVA SKAL DU BLI?: Nyleg var det studieorientering om 17 høgskular og universitet. Foto: Per Ole Lefdalsnes
IDRETT: Gruppa i breiddeidrett i fint driv leia av faglæraren Arnt-Ivar Naustdal. Han har 27 dedikerte elevar som elles driv med idrettar som fotball, handball og ski, eller som rett og slett likar å trene. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FLYGELEIAR: 2014-russ Andreas Sandal gjekk stud.spes. og skal bli flygeleiar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
SKULETUR: I språkfaga er ekskursjonar ein integrert del av undervisninga. Før jul var tyskelevane på Vg2 og Vg3 i München. Julemarknaden der var ei stor oppleving. Foto: Eid vgs. Foto: Eid vgs
IMPONERANDE: Juletreet på Marienplatz ved rådhuset var imponerande. Foto: Eid vgs. Foto: Eid vgs