Rita Karin Nyland bur i Kaivegen og har nyleg motteke nabovarsel i samband med dispensasjonssøknad til Eid kommune frå Seawalk Nordfjord (SUS) om plassering av seawalk og to fortøyningbøyer i sjøen utanfor den gamle dampskipskaia ved Godsterminalen. Nyland oppfattar det slik at reguleringsplanen for Sørøyrane har vorte endra dei siste to månadene for at Seawalk Nordfjord SUS sine planar om å etablering seawalk ved kaia skal være muleg å gjennomføre og at dette har skjedd utan involvering av berørte fagmyndigheiter og private.

Nyland peikar på at planane om etablering av seawalk inneber vesentlege endringar i høve til opphaveleg reguleringsplan, samt at det er innvendingar frå naboar og at tiltaket difor ikkje kan handsamast som ei lita reguleringsendring, men at planen må opp på ny i full breidde med høyringar og politisk behandling.

Skal ivareta innbyggjarane

Nyland stiller spørsmål ved kva som er Eid kommune si oppgåve.

–  I denne saka oppfattar eg Eid kommune meir som eit nærings-utviklingsselskap enn som ein leverandør av offentlege tenester. Det verkar som om ein er meir

opptatt av å få i gang nye kommersielle verksemder enn å ivareta innbyggarane sine som betaler for gildet, seier Nyland og samanliknar med ventilasjon på Eid Eldretun som har vore ei sak i ei årrekkje, utan at politikarane til no har funne pengar til dette.

Finansierer våte draumar

– For meg framstår det som rimeleg utruleg at ein privat aktør kan få dispensasjonar frå gjeldande reguleringsplan, samt at Eid kommune går inn på eigarsida for å finansiere ”sine våte draumar” –  i løpet av to månadar.  Då finn kommunen plutselig 3,2 millionar kroner som kan spyttast inn i prosjektet, utan å stille eit einaste spørsmål om ein er innafor lovverket når det gjeld reguleringsplan for området, forurensingsaspektet med prosjektet, trafikkavvikling i området, osv.

– ”Miljø- og grunderpartiet” Venstre må snart velje: Enten er dei gründerar eller så er dei miljøparti. I denne saka kan dei faktisk ikkje være begge deler. Dette minner meir om FrP-politikk, fastslår Nyland. Ho stiller også spørsmål om kvar resten av kommunestyret som stemde for har vore i denne saka.

Grundige vurderingar

Nyland understrekar at ho ikkje er imot næringsutvikling. Ho klandrar ikkje dei som står bak selskapet som vil drive næringsverksemd, og kanskje skal det kome ei cruisekai på Nordfjordeid. Det ho er mest oppteken av er det i så fall skal skje etter ei grundig vurdering der alle aktuelle partar har fått uttale seg, både naboar og faginstansar og der aktuelle konsekvensar er utgreidde. Det gjeld både utslepp til luft og til vatn, og konsekvensar for havbotn og også eventuell påverknad på land i Hola der ein veit at grunnen er ustabil.

–  Kan rystelser frå propellar eller omfattande busstrafikk som dundrar forbi få negative konsekvensar for eigedommane i nærområdet? Vil cruisetrafikken verke negativt inn på Eidselva? Blir det mykje støy. Korleis ser ein føre seg parkering av mange bussar og trygge gangvegar for gåande? Dette er nokre av dei tema som Nyland meiner bør utgreiast og vurderast før ein kan gje løyve.

–  Eid kommune får legge fram saksgangen i denne saka på skikkeleg vis, inkludert rapportar av undersøkingar som er gjort, dei må syte for involvering av berørte private og fagmyndigheiter, og dei må slutte med denne «mafiaverksemda», tordnar Nyland.

Rita Karin Nyland er også sterkt kritisk til at saka vert forsøkt køyrt igjennom no midt i ferietida.

Sjølv mottok ho nabovarsel om oppstart av anlegg for etablering av Seawalk den 1. juli. Hadde det kome ei veke seinare, hadde ho vore bortreist på ferie i tre veker.

–  Svarfristen for å kome med merknader er sett til to veker. Ein kan jo spørje seg om også dette er gjort heilt bevisst? Dei fleste eg kjenner har sommarferie, påpeikar ho.

Opproting av botnsediment

Om tiltak i sjø står det mellom anna følgjande i reguleringsplanen for Sørøyrane: «Før arbeid som kan medføre opproting av botnsedimenta vert sett i verk – mudring, utfylling eller liknande – må grunnforholda i utfyllings- /mudringsområda undersøkjast med tanke på mogleg forureining i sedimenta, spesielt med tanke på TBT (giftstoff). Resultata av undersøkingane må leggast fram for Fylkesmannen, m.a. for vurdering av om arbeidet krev eiga handsaming etter forureiningslova.

I gjeldande reguleringsplan står det at området skal nyttast til ferdsel til og frå småbåthamn og hamneområde. Området skal ikkje nyttast til fortøying eller oppankring.

Det står også at dersom hamna skal brukast til cruisehamn skal det om naudsynt etablerast løysing for bunkring, mottak av avfall/kloakk m.m.

Er regulert til cruisekai

Området kring godsterminalen er regulert til mellom anna cruisekai. Administrasjonen skriv i si saksutgreiing i saka «SeaWalk Nordfjordeid AS - kommunal eigardel» at det likevel kan kome krav om vurdering knytt til naturmangfaldet og eventuelt planendring og at dette vil ein måtte kome tilbake til når det vert søkt om plassering av ei slik kai i området.

Eid kommune eig både bygget og kaia ved godsterminalen. Bygget er delvis leigd ut til andre. Kommuneadministrasjonen skriv at det vil måtte lagast ei eiga avtale mellom SeaWalk Nordfjordeid og Eid kommune som dekkjer alle tilhøve knytt til området. Det må også avklarast korleis ein ser føre seg oppstilling og avvikling av busstrafikken som vil bli i samband med anløp av cruiseskip. Ein må også vurdere kva dette vil kunne bety for eksisterande leigetakarar i godsterminalen. Ein SeaWalk montert ved kaia på godsterminalen vil også kunne vere til hinder for andre større båtar som nyttar kaia i løpet av året. Dette gjeld spesielt asfaltbåtar og andre bulkbåtar for sand, kalk og gjødsel. Desse vil kunne nytte djupvasskaia på Løkjaneset eller tømmerkaia på Naustdal.

I saksutgreiinga står det også at Eid kommune må føresetje at SeaWalken er tilrettelagt for landstraum, og arbeide for at ei cruisekai på Nordfjordeid blir utbygd med landstraum raskast råd som del av den nasjonale satsinga. Nordfjord havn har sett ned eit utval som skal vurdere landstraum på kaiene i Nordfjord havn og ein muleg søknad til ENOVA om finansiering.

Både Rita Karin Nyland og Ernst Husevåg fryktar at store båtar som ligg nær land med propellar som går kan få negative følgjer for grunnforholda på land, som ein frå før veit er ustabile. Foto: Anna Wuttudal