Ifølgje Lefdal er det no berre formalitetar som gjenstår før ein kan starte montering. Planen er at den mobile kaia skal vere på plass i løpet av august, og at ein får eit cruiseskip til å ta turen innom, slik at ein kan starte marknadsføringa.

Ventar på klarsignal

–  Kaia er byggemeldt og vi er i full gang med prosessen. Vi har sendt søknad til Nordfjord havn om å få legge ut kaia. Hamnedirektøren er positiv, og vi reknar med endeleg klarsignal derifrå over helga, uttalte Lefdal til Fjordabladet laurdag.

Nordfjord havn har førebels ikkje gjeve nokon lovnad i samband med finansiering, og det er selskap eigd av John Olav Lefdal, og Arthur Kordt, som saman med midlar frå Eid kommune og banklån som skal finansiere kaia.

– Berre formaliteter igjen

Til  saman trengst det 32 millionar kroner. John Olav Lefdal går som sagt inn med fem millionar kroner, Arthur Kordt med seks millionar kroner, og Eid kommune med inntil 3,2 millionar kroner i tillegg til bankfinansiering som ein reknar med å få auka frå 16 til 18 millionar kroner. Ifølgje Lefdal er det no berre formalitetar som står att før finansieringa er på plass.

Lefdal går også inn med ein million kroner i Sagastad, som han ser som ein del av den same pakken.

Investering for framtida

Når alle formalitetar er på plass, trengs det fire veker for å få seawalken klar til bruk på Nordfjordeid.

Ein kan ikkje rekne med så mange skip komande sesong, og det vil ta nokre år før ein får full effekt.

– I dag er det om lag 120.000 cruisepassasjerar i Olden. Målet er at det om fem-seks år skal kome 250.000 cruisepassasjerar til Olden og Eid.

–  Dette er ei investering for framtida. Vi byggjer cruisekai på Nordfjordeid for å doble trafikken for heile Nordfjord. Dette blir utruleg viktig for heile regionen, og sjølvsagt spesielt for Eid, seier Lefdal. Han fortel at det er inntektene frå Nordrikk som gjer at han no kan investere tungt i cruisekai på Nordfjordeid. I staden for å ta ut utbytte, pløyer han overskotet inn i nye prosjekt for å bygge regionen.