Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) opplyser at det ikkje er gjeve nokon dispensasjonar i samband med sak om seawalk. Det som til no har skjedd er at ansvarleg søkjar har sendt ut nabovarsel. Kommunen har enno ikkje fått byggesak om utlegging av seawalk og fortøyningsbøyer til behandling.

Ordføraren ønskjer elles ikkje å kommentere utspelet frå Rita Karin Nyland om Seawalk utover at prosjektet har vore kjent i lang tid, og at det å legge til rette for næringsutvikling og nye arbeidsplassar er ei viktig kommunal oppgåve.