Fellesframlegget frå Høgre, Venstre og Krf, fremja av Tore Hjelle (H) og som fekk fleirtal går ut på at  ein avventar investering av ventilasjonsanlegg til ein ser resultatet av kartlegging av bruksområde for Eid Eldretun. Ein føreset at den nye vurderinga kjem tidlegast råd til hausten 2016.

Som eit strakstiltak vert det gjennomført solavskjerming på fasade sør. Dette vert utført innanfor ei ramme på 600.000 kroner.

Fellesframlegget frå Høgre, Venstre og Krf vart vedteke med 5 mot 4 røyster.

– Å svi av åtte millionar kroner inkl mva framstår som heilt urimeleg, sa Tore Hjelle. Han peika på at solavskjerming er det aller mest effektive ein kan gjere. Hjelle karakteriserte den planlagde utbygginga som uforholdsmessig dyr, og han ville avvente til ein har gjort ei vurdering av framtidig bruk av bygget.

Treng tilleggsløyving

Eid kommunestyre vedtok i fjor bygging av nytt ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun. Dette vart i godkjent med ei ramme på 5.000.000 kroner eks mva.

Ved innhenting av tilbod synte det seg at ramma ikkje held, og at det er naudsynt med ei tilleggsløyving på 1,2 millionar kroner.

Det har vore klage frå tilsette, og det har vore sagt at ventilasjonsanlegget er så dårleg at vaktmeisteren er redd for havari.

Rådmannen si tilråding var at ramma for investering til nytt ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun vert auka til 6.200.000 kroner eks mva, og at den auka kostnaden på 1,2 millionar kroner vert finansiert ved lån.

I formannskapet stemde dei to frå Ap og to frå Sp for rådmannen sitt framlegg.

– Det er ikkje realistisk at eldretunet blir brukt av andre enn dei som har bruk for heildøgns omsorg i uoverskueleg framtid. Bruksområdet vil ikkje bli endra på ganske mange år, argumenterte Siri Sandvik (Ap).

– Dess lengre vi ventar, dess dyrare vert det, sa Sigurd Reksnes (Sp), som ikkje ville drøye lenger med å få på plass nytt ventilasjonsanlegg og kjøling på eldretunet.

Saka skal vidare til behandling i kommunestyret 22. juni.