Det seier Mari Johannessen, plasstillitsvald ved Eid Eldretun, og Barbro Os Noste, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Eid, og viser til at Eid kommune for fleire år tilbake fekk eit pålegg frå Arbeidstilsynet om å utbetre, eller installere, eit betre ventilasjonssystemet ved institusjonen.

− Å seie at ein utset den naudsynte utbetringa av ventilasjonssystemet inntil ein har greidd ut framtidig bruk av Eid Eldretun er høgst underleg for oss. Dei signal vi har fått, er at ikkje alle som i dag bur på institusjonen skal flytte til det nye helse og omsorgssenteret. Det er heller ikkje sikkert det er plass til alle, og det er heller ikkje sikkert at alle ønskjer å flytte, seier Os Noste og Johannessen till Fjordabladet.

Det handlar om ventilasjon

− Fleirtalet i formannskapet, Høgre, Venstre og Krf, føreslår solskjerming til 600.000 kroner som eit strakstiltak. Er ikkje det godt nok?

− Solskjerming er handlar ikkje om ventilasjon, det handlar meir om at ein skal hindre at det ikkje blir for varmt i rommet. Ventilasjons handlar om å skifte ut luft med moglegheit til kjøling, noko som kommunestyret tidlegare har vedteke. Vi har i dag solskjerming på kjøkkenet på Eid Eldretun. Det hjelper fint lite. På varme dagar er det opp mot 40 varmegrader på kjøkkenet. Solskjerminga har ført til at det er problem med å opne vindauge, slik at dei som jobbar på kjøkkenet kan få litt lufting, seier Mari Johannessen og Barbro Os Noste som kjem med ei klar oppmoding til det politiske miljøet.

Føler oss nedprioriterte

− Først vil eg seie at vi er veldig skuffa over at det politiske fleirtalet nok ein gong ønskjer å utsette tiltak som dei har fått pålegg frå Arbeidstilsynet om å utbetre. Vi ber det politiske miljøet om å tenke nøye gjennom arbeidskvardagen til dei tilsette og korleis det er for bebuarane å ikkje ha skikkeleg utskifting av luft. Slik stoda er i dag føler vi oss rett og slett nedprioriterte, seier Mari Johannessen som understrekar at det er eit arbeidsgjevaransvar å syte for at tilsette sitt arbeidsmiljø.