Formannskapet hadde i går opp sak om tilleggsfinansiering av ventilasjonsanlegg på Eid Eldretun. Fleirtalet på fem, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti (Krf), tilrådde at kommunestyret utset tiltaket.

Pålegg

Etter at Eid Kommune fekk pålegg frå Arbeidstilsynet om å setje i verk tiltak for å betre inneklimaet (ventilasjon red. merk.) for fleire år tilbake, vart det i fjor løyvd fem millionar kroner til nytt ventilasjonsanlegg. Til saka som var opp i formannskapet torsdag innstilte rådmannen at løyvinga til nytt ventilasjonsanlegg ved Eid eldretun vart auka til 6.200.000 kroner eks mva, og at den auka kostnaden på 1,2 millionar kroner vert finansiert ved lån.

Ikkje alle skal flytte

Dagen etter at tilrådinga vart gjort ber Ap sin gruppeleiar, Siri Sandvik, fleirtalet tenke seg om.

− Eid Arbeidarparti (Ap) og Eid Senterparti (Sp) røysta for rådmannen si tilråding, då saka vart handsama i formannskapet torsdag 16. juni. Vi meiner at det er viktig at tiltaket vert sett i verk no, dette av omsyn til tilsette og ikkje minst omsynet til bebuarane. Fleirtalet, Høgre, Venstre og Krf, ville avvente investeringa til den framtidige bruken av bygget er avklart, seier Siri Sandvik som understrekar at ingen hevdar at alle bebuarane skal flytte inn i det nye helse- og omsorgssenteret.

Må ta politisk ansvar

− Som eit strakstiltak føreslår fleirtalet at det vert det gjennomført solskjerming på fasade sør. Dette vert utført innanfor ei ramme på 600.000 kroner. Poenget vårt er at solskjerming ikkje har noko med ventilasjon å gjere. Oppmodinga mi er at fleirtalet tenkjer seg godt om fram mot kommunestyremøtet komande onsdag, seier Siri Sandvik og legg til at politikarane no kan vise om dei har vilje og mot til å ta det politiske ansvaret det er å kome i gang med denne saka.