Dette sa Ståle Sandal (Sp) då han presenterte resultatet av gruppearbeidet i den gruppa som han var med i.

Rause

Dei aller fleste gruppene hadde med mange punkt om kva område som måtte prioriterast i ein ny kommune beståande av noverande Eid og Selje. I tillegg til dei kommunale tenestene og oppgåvene hadde fleire av gruppene med eit punkt som gjekk ut på at ein måtte vere rause med kvarandre for å lukkast.

–Skal vi lukkast må vi etablere god kommunikasjon mellom tilsette i kommunane og innbyggarar. Tillit er eit anna viktig område. Vi må lytte og lære av kvarandre. Sjå sterke og svake sider. Skal vi lukkast er vi også avhengige av gode og tydelege leiarar, både administrativt og politisk. Vi må vere framoverlente, framtidsretta og framsnakke kommunen vi no står i startgropa for å byggje, sa Gunvald Ludvigsen, venstrepolitikarar i Eid kommune.

Tett og god dialog

Eit anna punkt som gjekk att i presentasjonane var behovet for ein tett og god dialog mellom politikarar i kommunane, og ikkje minst mellom innbyggarane.

–Skal vi greie å skape ein felles identitet må vi ha felles mål, og ein felles visjon. Vi må makte å ta i vare, og utvikle alle lokale samfunn, sa Grethe Dahl Sandven (V) som også var opptatt av at ein greier å engasjere dei unge, og dei frivillige organisasjonane.

Felles verdiar

Siri Sandvik presenterte stikkorda frå gruppa ho var ein del av.

–Vi har laga eit hjul som byggjer på felles verdiar, gode tenester, god kommunikasjon, ein aktiv nøringspolitikk og god plan og utvikling, sa Sandvik.

Gruppene var også innom ei rekkje andre område som vil vere viktig for dei to kommunane i framtida. Her kan vi nemne samferdsle, næringsutvikling, gode planar og mål for tenestene og ikkje minst at det må etablerast felles partilag  mellom Selje og Eid i framhaldet.

Andreas Rune Rundereim, Jan Vidar Smenes, Hans Petter Gilleshammer, Grethe Dahl Sandven og Marita Gunn Aarvik var opptekne av felles identitet og felles mål. Foto: Tormod Flatebø
Eli Førde Aarskog (H) og hennar gruppe hadde ei lang og fyldig liste som handla om alt frå respekt og dialog til samferdsle, næringsutvikling og infrastruktur. Foto: Tormod Flatebø