Kommunestyra i Eid og Selje er i dag samla til felles kommunestyremøte i Fosnavåg. I løpet av dagen i dag og morgondagen skal politikarane i dei to kommunestyra seie mykje om kva som må til for å lukkast for å skape ein ny kommune.

- Vi skal ikkje slå saman to kommunar, vi skal skape ein ny, sa Selje-ordførar Stein Robert Osdal i si korte opningstale til politikarane i dei, i dag, to kommunane.

Dei viktigaste formelle sakene dei to kommunestyra skal gjere, er å oppnemne ei prosjektleiing, som er den administrative delen. Her ligg alt til rette for at rådmann i Eid kommune, Åslaug Krogsæter, kjem til å bli prosjektleiar.  I tillegg skal politikarane nemne opp ei fellesnemnd som vil bestå av eit likt tal politikarar frå kvar av dei to kommunane. Sjølv om ingen ting er bestemt enno, når det gjeld kor mange politikarar som skal sitte i fellesnemnda, så ligg det kanskje til rette for at den vil bestå av rundt fem politikarar frå kvar av kommunane.

- Det er viktig at fellesnemnda ikkje blir for stor, men at den attspeglar dei folkevalde nivå i kommunane, seier Åslaug Krogsæter til Fjordabladet som følgjer møtet i Fosnavåg.

Eid og Selje får 20 millionar kroner frå kommunaldepartementet for å få på plass den organisasjonen som ein meiner er teneleg for den nye kommunen. Samstundes skal dei to kommunane drivast som vanleg fram til den formelle samanslåinga i 2020.