–Vi har bak oss omfattande prosessar i samband med kommunereformarbeidet, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo då han opna det felles kommunestyret mellom Eid og Selje i Fosnavåg måndag, og viste til det også Vågsøy var med i den første del av prosessen.

–Det vart ein dårleg prosess, utan at eg skal fordele skuld for at det blei som det blei, sa Bjørlo og opplyste politikarane om at det var laga eit skriv der Eid og Selje kommune ønskjer å invitere Vågsøy til eit møte for å drøfte kva som må til for å finne saman i ein ny kommune.

Vidare i utkastet til brev heiter det: «Vågsøy, Eid og Selje utgjer i dag ein samanhengande bu-, arbeids- og serviceregion - ein «kvardagsregion» der folk samhandlar til dagleg. Kommunane våre samarbeider også svært tett på dei aller fleste tenestene retta mot innbyggjarane våre - ikkje minst innanfor helse, velferd og sosiale tenester.

Det er både i Eid og Selje eit klart politisk ønskje om at vi ynskjer Vågsøy med i ein ny kommune, bygd på dagens omfattande samarbeid.

Eid og Selje har inngått ei intensjonsavtale om kommunesamanslåing som står på eigne bein, men som også inneheld ei opning for at andre kommuner kan bli med i den nye kommunen.

Vi har forståing for at Vågsøy opplever det som krevjande å skulle gå inn i ei ferdig forhandla avtale. Samtidig reknar vi med at Vågsøy har forståing for at Eid og Selje i forhandlingar oss imellom har forhandla fram ei avtale som er tilpassa våre to kommuner, på same måte som Vågsøy og Flora har gjort i avtalen om Kinn kommune.

Vi vil difor presisere at sjølv om intensjonsavtalen vår ligg til grunn, og berre kan endrast av våre kommunestyre i eit nytt vedtak, vil vi på eit møte sjølvsagt vere villige til å drøfte alle tilhøve knytt til kommunesamanslåing som Vågsøy ynskjer å ta opp med oss.

Vidare er det sterkare økonomiske verkemiddel frå Storting og Regjering for samanslåing av tre kommuner enn av to kommuner, mellom anna 10,3 mill kr meir i eingangsstøtte til ei ny kommune Eid/Selje/Vågsøy enn til både kommunane Flora/Vågsøy og Eid/Selje.

Eid og Selje har som eitt av hovudpunkta i vår intensjonsavtale sagt at "Den nye kommunen skal ha særleg fokus på å utvikle sterke kompetansemiljø og størst mulig ringverknader knytt til havrommet, vekstpotensialet i kystnæringane, reiseliv og ny fornybar energi".

Med vedtaket om bygging av Stad Skipstunnel vil vår region (Nordfjord/Sunnmøre) få endå større utviklingspotensiale her enn vi har kunna legge til grunn tidlegare. Sist fredag la Regjeringa også fram ei eiga "Hav-melding", som ytterlegare skjerpar den nasjonale prioriteringa av havet og havressursane.

Måløy har etter vårt syn eit stort potensiale for å vere "kystbyen" i Nordfjord som vi arbeider for å styrke regionalt og nasjonalt når det gjeld utdanningstilbod, statlege arbeidsplassar og ny næringsverksemd knytt til kysten og havet.

Vi opplever eit stort folkeleg engasjement i våre tre kommuner for at vi som politikarar skal gjere det vi kan for å få til eit framtidsretta samarbeid mellom våre tre tett samanvevde kommuner i ein ny kommune.

Vi håpar difor Vågsøy takkar ja til vår invitasjon til eit møte, slik at vi i eit godt og positivt klima kan sjå kva som skal til for å få til eit samarbeid slik det er opna for i vår intensjonsavtale for Eid/Selje», heiter det i brevet som så langt er underteikna av Selje kommune v/ ordførar (med støtte i kommunestyret) og Eid kommune v/ ordførar (med støtte i kommunestyret

Dei to ordførarane inviterer kommunestyra til å gjere følgjande vedtak:

«Kommunestyra i Eid og Selje gjev forhandlingsutvala fullmakt til å forhandle fram ein intensjonsavtale mellom Eid, Selje og Vågsøy. Dersom ein ikkje klarer å bli samde om ei ny intensjonsavtale mellom desse tre kommunane med godkjenning i dei respektive kommunane innan XXX, så gjeld dagens intensjonsavtale mellom Eid og Selje slik avtalen ligg føre.»