Noste har kome med merknadar til utsendt nabovarsel om seawalk der dei mellom anna viser til at det i føresegnene for reguleringsplan for Sørøyrane om tiltak i sjø står følgjande:

«Før arbeid som kan medføre opproting av botnsedimenta vert sett i verk - mudring, utfylling eller liknande - må grunnforholda i utfyllings-/mudringsområda undersøkjast med tanke på mogleg forureining i sedimenta, spesielt med tanke på TBT. Resultata av undersøkingane må leggast fram for Fylkesmannen, m.a. for vurdering av om arbeidet krev eiga handsaming etter forureiningslova»

Bekymra for forureining

Barbro Os Noste og Wenche Os Noste i stiller mellom anna spørsmål om kvar trafikken skal gå både i samband med anleggsarbeid, samt når kaia står ferdig og bussane skal skysse passasjerar.

Dei er også svært bekymra for forureining, og peikar på at slik situasjonen er no, når det ligg cruiseskip inne, må dei lukke alle vindauge og slå av ventilasjonsanlegg i huset grunna luftforureining frå skipa.

– Erfaringar frå vinterstormar gjer at vi er svært skeptiske til etablering av seawalk i dette området. Vi er sjølvsagt klar over at dette vil verte ein solid konstruksjon. Men vi stiller oss likevel spørjande til om dette vil halde i ein "ny Dagmar-orkan", skriv dei i merknaden.

Dei stiller også spørsmål om kloakken som kjem ut i sjøkanten ved Almenningen og kva som skjer med dette avfallet når propellane er i bruk.

Barbro Os Noste og Wenche Os Noste ber om at dei berørte vert kalla inn til informasjonsmøte der ein får svar på kva konsekvensane for naboane vert.

 Kva kan ein forvente?

Også Karin Olsen Husevåg, Ernst Husevåg og Rune Husevåg fryktar for kva følgjer det vil få når store cruiseskip vil virvle opp grunnen. I sin merknad peikar dei mellom anna på at eigedomane har vore gjennom alvorlege setningsskadar både på bygningar og tomtar i samband med bygging av vegen framfor eigedomane. Dei viser også til at Eid kommune er blitt pålagt å ta nye målingar i området, då det på ny er bevegelse i grunnen.

Husevåg fortel at geologar har uttalt at ein kan vere glad for at store båtar ikkje har anløp til kaia. Dei reknar med at det vert gjort grunnundersøkingar i samband med eit så stort prosjekt og at reguleringsplanen for Sørøyrane vert følgt.

Husevåg stiller spørsmål om der er planlagt sanitæranlegg, kva dei som naboar kan forvente når det gjeld støy og forureining, kven som tek kostnadene dersom det skjer noko i forhold til eigedomane deira og om kaia er dimensjonert for å tole orkanar og sjøis som kan bli ganske tjukk.

Karin Olsen Husevåg, Ernst Husevåg og Rune Husevåg understrekar at dei ikkje er ikkje imot næringsutvikling på Eid, men meiner at ein må kunne stille nokre kritiske spørsmål til eit slikt prosjekt, etter å ha opplevd store skadar etter både orkanar og setningar.

Kven er ansvarleg?

Fire av åtte deleigarar i Hamna eigedom AS (Skårhaug Eigedom AS, TS Eigedom AS, TS & RS Eigedom AS og Hola Eigedom AS) har kome med merknadar til nabovarsel om seawalk der dei stiller spørsmål om kven som er ansvarleg for eventuelle skadar påført deira eigedomar grunna

setningsskadar i området. Dei krev at utbyggjar monterer målepunkt og gjennomfører kontrollmåling før arbeidet tek til. Dette for å ha ein referanse om det skulle oppstå setningsskadar på deira eigedomar.

Ved eventuell utfylling og opparbeiding sør for Godsterminal, krev dei grunnundersøking som kan påviser svakheiter og eventuelle løysingar som sikrar at deira eigedomar ikkje blir skadelidande.

Deleigarane i Hamna Eigedom stiller også spørsmål om korleis parkering og andre trafikale utfordringar er tenkt løyst og om der er tenkt laga offentleg toalett i området når så mange turistar kjem til å vere samla på eit relativt lite område.

Det er Tonny Sørland som på vegner av  Skårhaug Eigedom AS, TS Eigedom AS, TS & RS Eigedom AS og Hola Eigedom AS har sendt inne desse merknadane.

Eit utsett område

Også driftsavdelinga i Eid kommune har kome med merknad til nabovarsel om seawalk på Nordfjordeid.

Driftssjef Tore Nyhammer-Taklo peikar på at sjø- og strandsona på Nordfjordeid er eit utsett område frå Lillestølkaia og sørover. Her er det djupt vatn, og sjøen slår heilt inn mot land utan nokon naturleg energireduksjon som ein har lenger nord i strandsona, der det er grunnare vatn.

– Det har gjennom tida og ved enkelttilfelle resultert i skadar på veg og skjering/vegkant mot sjø, samt at det ved ugunstige forhold blir skylt større mengder vatn opp på land i dette området. Dette har vi erfart, og ved forlenging av Sjøgata laga store hol i støypt mur frå Almenning mot Linjegodskaia, skriv Nyhammer-Taklo.

Teknisk drift ber om at grunnforholda blir evaluert utifrå deira erfaringar med sig i området rundt forlenginga av Sjøgata. Eid kommune gjennomfører innmåling og registrering av langtidsbevegelsar på fleire punkt her, med innspel frå Norconsult i Molde.

Teknisk drift meiner at det også bør gjerast undersøkingar og risikovurderingar rundt kva straumforhold og eventuell sedimentflytting ein får i sjøen når ein får større båtar og tilsvarande propell/thruster.