Det er Nordplan AS, som på vegne av SeaWalk Nordfjord AS, som har søkt Nordfjord Havn IKS om løyve til å legge ut ein SeaWalk, flytande gangveg, for å kunne ta imot cruisepassasjerar på Sørøyrane på Nordfjordeid. Søknaden omfattar landfeste ved Godsterminalen og utlegging av tre bøyer. To er til forankring av cruiseskip, og ei for sikring av gangvegen i samanfalda parkert modus.

I vedtaket listar Nordfjord Havn IKS opp vilkåra for å legge ut den flytande gangvegen i åtte punkt. Eitt av vilkåra går kort fortalt ut på at det ikkje blir gjort endringar i forhold til søknaden. Eit vilkår går ut på tiltaket til ei kvar tid skal vere forsvarleg vedlikehalde, at forankringssystem og landfeste må vere dimensjonert ut frå krefter som kan oppstå, at det blir gjennomført forsvarleg opplæring før den flytande gangvegen blir tatt i bruk kommersielt og at det må lagast ein beredskapsplan med tanke på haust- og vinterstormar som kan oppstå.

I vedtaket og vilkåra vert det også sagt at tiltaket ikkje må legge ytterlegare avgrensingar på bruk av tilstøytande sjøareal.