Ein må tilbake til ”storheitstida” på byrjinga av 2000-talet for å finne liknande oppslutning som i år. Dette gleder sjølvsagt sportssjef i Eid IL Fotballgruppa, Dan Jøran Hafsås.

– Det er rundt 150 påmelde. I fjor var det 110, og i åra før har det vore under 100, seier Hafsås.

Fotballskulen gjekk frå måndag til onsdag denne veka. Han kan også konstatere at ein var maksimalt heldige med vêret.

– Sol, opphaldsvêr og ikkje for varmt. Betre kan det ikkje bli, seier Hafsås.

Det store deltakartalet førte til at ein nytta tre baner på Nordfjordeid til fotballskulen; Eid stadion, Valhall kunstgras og Eid Idrettspark.

– Det skal vere både leik og moro, i tillegg til at ein skal bli betre til å spele fotball. Dess eldre deltakarar, dess meir fokus på sjølve fotballen, seier Hafsås, som rosar foreldra til Eid jenter og gutar 11/12 år for å stille opp på dugnad med å lage til måltida til deltakarane i klubbhuset på stadion.

– I tillegg har vi jo mange instruktørar frå klubben. Både A-laget, jentelaget og gutelaget stiller opp. Og i tillegg bidrar Marius Hagen på fotballcampen for 13-16-åringane, seier Dan Jøran Hafsås.

Så godt som alle deltakarane på årets Tine Fotballskule kjem frå Eid kommune. Mange av dei frå klubbane utanfor sentrum.

– Vi er glade for absolutt alle som vil vere med på fotballskulen vår. Det er viktig for oss å vere ein open og inkluderande klubb, seier Hafsås.

Alle deltakarane på Tine Fotballskule får lunsj og drikke frå Tine kvar dag. I tillegg får dei t-skjorte og ryggsekk.

– Vi prøvar å gjere fotballskulen variert og artig, med mange kjekke øvingar, teknikk-trening og sjølvsagt spel. Onsdag avsluttar vi med turnering, sa Hafsås under opningsdagen måndag.

Éin av dei som storkosa seg på fotballskulen var åtteåringen Trygve Haugland Horne (nr. 3 frå venstre på det store biletet). Han spelar til dagleg på miniputtlaget til Haugen, og skal byrje i 3. klasse på måndag.

– Eg har vore med på Tine Fotballskule før, ja. Det kjekkaste er å spele kamp, seier Trygve, medan fleire av dei ivrige gutane som flokkar seg rundt ropar at det kjekkaste er alt frå å få sjokomelk til å score mål.

Dan Jøran Hafsås er trenar for Eid sitt A-lag herrar og sportssjef i Eid IL Fotballgruppa. Foto: Yngve Tolaas
Instruktør Erik-André Røysen saman med deltakarane på keeperskulen. Foto: Yngve Tolaas
Desse jentene trenar på å halde kontroll på ballen mellom kjeglene. Foto: Yngve Tolaas
Desse jentene tok eit avbrekk frå balltreninga med å leike dansesisten. Foto: Yngve Tolaas
Andrea Førde Totland (t.v.) og Mathilde Solheim frå Eid sitt jentelag var blant instruktørane på fotballskulen. Foto: Yngve Tolaas
Her gjeld det å unngå å bli tatt til fange. Foto: Yngve Tolaas