Det sa Dan Jøran Hafsås, trenar for Eid sitt herre lag i fotball, etter at laget hans rundspelte Bremanger etter alle kunstens reglar på Eid Idrettspark laurdag ettermiddag.
–Det er stor skilnad på det vi presterte mot Bremanger i fjor, og det vi gjer i dag. I fjor leia Bremanger kampen med 2-0 til pause, og oppgjeret endå 2-2, seier Hafsås som legg til at både han som trenar og spelarane var skjønt einige om at berre tre poeng mot Bremanger ville vere godt nok.
Jamspelt først 20
Dei første 20 minuttane av kampen var rimeleg jamspelte. I løpet av denne perioden hadde Bremanger to målsjansar, den eine rimeleg stor. Eid hadde ein. Spelet gjekk stort sett føre seg mellom dei toi sekstenmeterane.
–Det vart for mykje «pirkling» med ballen, og ikkje nok tempo, sa Eid-trenaren rette før pause, utan å forklare konkret kva «prikling» var for noko. Men vi kan vere samde med trenaren i at begge lag mangla tempo.
Flotte kombinasjonar
Då klokka viste 23 spelte minutt kom det første målet. Midtbaneeleganten Simen Lefdal kombinerte sinnsjukt bra med bror Kristian Lefdal, og var siste av brørne på ballen. Her hadde ikkje Bremanger-keeper Kenneth Fosse Elde den ringaset sjanse til å avverje scoring. Ti minutt seinare var det Kristian Lefdal sin tur til å vere sistemann på ballen. Simen Lefdal la inn frå venstrekanten, og Kristian stakk fram foten og lurte ballen i mål. 2-0 til heimelaget vart også resultatet etter dei første 45 minuttane på Eid idrettspark.
Målshow
Tolv minutt ut i andre omgang auka Espen Nødset Rosø Eid si leiing til tre mål. Espen gjorde det meste sjølv og sette ballen inn frå skrå vinkel. Sju minutt seinare var det Vebjørn Høynes sin tur. Keeper måtte gje retur på eit skot frå Kristian Lefdal, og Vebjørn var på rette plass til rette tid og dunka ballen i mål. Vebjørn Høynes starta ikkje kampen denne gong på grunn av at han hadde ein liten skade i ankelen. Han kom inn etter vel ein halvtime i første omgang.
Kristian Lefdal avslutta målshowet for Eid, med å sette inn 5-0 og 6-0 frå det 81. til det 83. minutt. Kristian noterte seg med det for tre mål i kampen.
Kampfakta:
Eid – Bremanger 6-0 (2-0)
Eid Idrettspark
Publikum: Cirka 130
Dommar: Torgeir Halsen, Vanylven Fotballklubb
Ass. Dommarar: Olav Kirkeeide Næss, Stryn T&IL og Erik Koopmans, Sandane Turn og Idrettslag
Gule kort: Eirik Førde Rylandsholm, Bremanger, Martin Igland Senneset, Bremanger, og Daniel Haus, Eid.
Mål:
23.min. 1-0 Simen Lefdal
34.min. 2-0 Kristian Lefdal
57.min. 3-0 Espen Nødset Rosø
65.min. 4-0 Vebjørn Høynes
81.min. 5-0 Kristian Lefdal
83. min 6-0 Kristian Lefdal
Eid: Sander Torheim Frislid, Arild Rindal, Adrian Hagen Henden, Espen Nødset Rosø, Henning Haugen, Daniel Myklebust, Marius Endestad Henriksen, Daniel Haus. Simen Lefdal, Kristian Lefdal og Joakim Frislid Vedvik. Innbytarar: Erik-Andre Quiros Røysen, Kristian Årskog, Vebjørn Høynes, Eirik Wik Leite og Håvard Holmøyvik Holmøy.
Bremanger: Kenneth Fosse Elde, Vidar Senneset, Jan Rune Nigardsøy, Håvard Redal Mjølkeråen, Martin Igland Senneset, Martin Svarstad, Håvars Nødset Rosø, Eirik Førde Rylandsholm, Tore Førde Rylandsholm, Kristian Klakegg Hauge og Anders Nilsen Midthjell. Innbytarar: Kristoffer Lågeide, Simen Svarstad, Ibrahim Ali Ahmed, Roy Atle Igland, Walter Jr. Høyvik og Sivert Mikal Kalkegg Hauge .
Resultat 3. runde Kretsligaen
Eid - Bremanger 6-0
Vik - Tornado Måløy 2-1
Skavøypoll – Studentspretten 2-0
Årdal – Stryn 4-2
Fjøra – Dale 4-0
Kaupanger – Florø 2 6-1
Tabell Kretsligaen
Lag | Kampar | S | U | T | Mål | Poeng |
Fjøra | 3 | 3 | 0 | 0 | 10 - 3 | 9 |
Kaupanger | 3 | 3 | 0 | 0 | 12 - 3 | 9 |
Årdal | 3 | 2 | 0 | 1 | 6 - 5 | 6 |
Vik | 3 | 1 | 2 | 0 | 4 - 3 | 5 |
Eid | 3 | 1 | 1 | 1 | 9 - 5 | 4 |
Florø 2 | 3 | 1 | 1 | 1 | 7 - 8 | 4 |
Studentspretten | 3 | 1 | 1 | 1 | 4 - 4 | 4 |
Bremanger | 3 | 1 | 1 | 1 | 3 - 7 | 4 |
Stryn | 3 | 1 | 0 | 2 | 9 - 8 | 3 |
Skavøypoll | 3 | 1 | 0 | 2 | 3 - 7 | 3 |
Tornado Måløy | 3 | 0 | 0 | 3 | 3 - 7 | 0 |
Dale | 3 | 0 | 0 | 3 | 2 – 12 | 0 |