–Dette er vel rekord i talet på deltakarar på Maurstad open, eller i alle fall ein god tangering av rekorden, seier Kent Tryggestad frå arrangørklubben Nordfjord golfklubb. Og deltakarane kom frå både Nordfjord, Sunnfjord og Sunnmøre.

Første året utan Toralv

Maurstad open fekk ein gong namnet sitt etter skodespelar Toralv Maurstad som også er ein habil golfspelar. Han har sjølv vore til stades på alle turneringane sidan oppstarten for ti år sidan. Men i år måtte han av naturlege grunnar melde avbud, då han fekk eit hjerneslag tidlegare i år og brukar dagane på å trene seg opp att.

–Vi har nyleg vore i kontakt med Toralv som bad oss helse til deltakarane. Sjølv skulle han helst ha vore her, men det blei klart ikkje mulig i år. Men han seier at han håpar å kome tilbake neste år. Vi i klubben hadde planlagt ei markering i år sidan Maurstad fyller nitti år i november. Men dette får vi komme tilbake til, seier Tryggestad.

Annleis bane

Stokkenes golfpark er Nordfjord golfklubb si heimebane, og Maurstad open er ein del av fleire turneringar som går på åtte ulike baner gjennom sommarsesongen. Dei andre banane er i Nordfjord, Sunnfjord og Søre Sunnmøre. Til slutt blir det kåra ein vinnar samanlagt i denne turneringa. To meir langvegsfarande juniorar var Markus Wilhelmsen og Jakob Stavang Stubhaug. Dei spelar begge på Ålesund golfklubb og trenar mest kvar dag. Markus kom som nummer sju under NM i klassa opp til nitten år tidlegare i år. Det var i ei klasse med totalt 60 startande. Dei kjem gjerne til Eid for å spele golf, og seier det er andre utfordringar med ei bane med ni hol, i høve til atten som dei har i Ålesund.

–Greenen er kortare og det er mindre avstand mellom utslaget og holet. Det gjev andre utfordringar som kan vere artig å prøve, seier dei to juniorspelarane som begge har mål om å bli proffe golfspelarar.

Vinnarane i dei ulike klassene:

Slagkonkurranse Junior (6-19 år)

1 Jakob Stavang, Ålesund Golfklubb 63 slag

Poengkonkurranse Junior

1. Martin Hjelle, Sunnfjord Golfklubb 38 poeng

Slagkonkurranse Voksen (20-49 år)

1. Marcus Gamborg, Sunnfjord Golfklubb 67 slag

Poengkonkurranse Voksen

1. Jens-Kristian Rusten, Vanylven Golfklubb 39 poeng

Slagkonkurranse Senior (50+)

1. Tore Naustdal, Nordfjord Golfklubb 67 slag

Poengkonkurranse Senior

1. Joar Takset, Vanylven Golfklubb 41 poeng