Johan-Olav Smørdal Botn trivst godt på laget Team Mesterbakeren, der han i år er ein del av elitelaget. Foto: Emil Nyeng

– No vil eg seie at eg er ganske mykje betre

Skiskyttaren Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim har fått trena godt dei siste månadane og er i bra rute til sesongstart på Sjusjøen til helga. Då skal han konkurrere mot dei etablerte landslagsutøvarane. – Eg er veldig fornøgd med forma akkurat no. Det går veldig fort i sporet, seier han.