I seriekampane i 2017 vann Eid 2-0 heime og spelte uavgjort 1-1 i returmøtet i Vik. Ein kamp Eid-trenar Dan Jøran Hafsås meinte dommaren tok frå Eid sigeren. Slik var det ikkje denne gongen. Kampen mot Vik var berre tre minuttar gamal då Eid tok føringa i kampen. Eit innlegg frå Kristian Lefdal på venstrekanten vart ekspedert kontant i mål av Runar Elias Lillestøl Naustdal. Ti minutt seinare var det reprise. Innlegg frå venstrekant av Kristian Lefdal, som Runar nikka i mål utan sjanse for Stig Runar Hovland i Vik sitt mål.
Einvegskøyring
Det virka som Vik vart heilt sett av dei kjappe scoringane til Eid. Laget var knapt inne på Eid sin banedel i løpet av den første halvtimen. Og det skulle kome meir. 30 minutt ut i kampen kunne Kristian Lefdal notere seg for det første målet. Marius Henriksen Endestad serverte ballen til Kristian som auka Eid si leiing til 3-0. Eid sitt fjerde mål kom på straffe. Vebjørn Høynes vart felt innafor sekstenmeteren, og sette sjølv straffa bak Vik-keeper Hovland. 4-0 var også pauseresultatet, i ein omgang der Eid trilla ball og leikte seg mot motstandaren. Ikkje har vi sett ein kamp der omgrepet einvegskøyring har passa betre.
Rundspelt
I andre omgang heldt Eid fram med å leike seg. Seks minutt ut i omgangen sette Johan Pasit Skorge ballen i mål. Nest sist på ballen denne gong var Runar Elias Lillestøl Naustdal. Eid sitt sjette mål var signert Vebjørn Høynes. I det 75. minutt sette Kristian Lefdal inn sitt andre for dagen, og Eid sitt sjuande.
Vik vart til dei grader rundspelt i kampen. Laget hadde ikkje ein einaste sjanse. Ingen ville sagt eit ord om Eid hadde putta tosifra i denne kampen. At det ikkje blei fleire mål kan Vik takke sin gode keeper for.
Kampfakta: Eid – Vik 7-0 (4-0)
Eid Idrettspark
Tilskodarar: cirka 50
Dommar: Per Oddvar Lien, IL Høyang
Assistentdommarar: Torleiv Straume, Hyen IL, og Erik Koopmans, Sandane Turn og Idrettslag
Gult kort: Ruben Bøtun, Vik
Mål:
3. min. 1-0 Runar Elias Lillestøl Naustdal
13. min. 2-0 Runar Elias Lillestøl Naustdal
30. min. 3-0 Kristian Lefdal
39. min. 4-0 Vebjørn Høynes (str.)
51. min. 5-0 Johan Pasit Skorge
60. min. 6-0 Vebjørn Høynes
75. min. 7-0 Kritian Lefdal
Resultat
Stryn - Bremanger 5-0
Kaupanger - Tornado Måløy 5 - 1
Skavøypoll – Årdal 4-0
Eid – Vik 7-0
Kretsligaen Tabell
Lag | Kampar | V | U | T | Mål | Poeng |
Fjøra | 8 | 6 | 2 | 0 | 34 – 9 | 20 |
Kaupanger | 9 | 6 | 0 | 3 | 29 – 20 | 18 |
Årdal | 10 | 5 | 3 | 2 | 22 - 19 | 18 |
Eid | 9 | 5 | 1 | 3 | 29 - 15 | 16 |
Stryn | 9 | 5 | 0 | 4 | 30 – 17 | 15 |
Vik | 9 | 3 | 3 | 3 | 16 - 26 | 12 |
Dale | 8 | 3 | 1 | 4 | 22 – 21 | 10 |
Bremanger | 9 | 2 | 4 | 3 | 12 - 26 | 10 |
Studentspretten | 8 | 2 | 3 | 3 | 12 – 14 | 9 |
Florø 2 | 8 | 2 | 2 | 4 | 14 - 26 | 8 |
Skavøypoll | 10 | 2 | 2 | 6 | 22 - 27 | 8 |
Tornado Måløy | 10 | 2 | 1 | 7 | 19 – 34 | 7 |
Eid: Sander Torheim Frislid, Daniel Haus, Adrian Hagen Henden, Håvard Holmøyvik Holmøy, Johan Pasit Skorge, Henning Haugen, Marius Endestad Henriksen, Simen Lefdal, Vebjørn Høynes, Kristian Lefdal og Runar Elias Lillestøl Naustdal.
Innbytarar: Erik-Andre Quiros Røysen (keeper), Kristian Årskog, Espen Nødset Rosø, Joakim Frislid Vedvik og Daniel Myklebust
Vik: Stig Roar Hovland (K), Svein Erik Saglien, Ørjan Grov Tveit, Aleksander Valsvik, Idar Holen, Erlend Fjærestad Aase, Sondre Bertin Skjerven, Ole Andreas Hande, Ruben Bøtun og Mathias Stokkebø. Innbytarar: 17 Vegard Halset, 20 Sivert Fjærestad Aase, 21 Torgeir Heimdal Aase og 22 Viljar Andersen