– I fjor prøvde vi å legge til rette for at fleire barn og familiar kunne vere med. Barneløypa var ein suksess, og vi ønskjer å fortsette med det i år. Alle som deltar i barneløype får medalje, fortel Kenneth Vedvik frå arrangør Eid IL Ski.

Barneløypa var ein suksess i fjor, og vi ønskjer å fortsette med det i år.

Nytt i år

Nytt av året er aktivitetar for barn på Eid stadion midt på dagen.

– Her kan dei få prøve eit variert utval aktivitetar som hesteskokasting, riding, sumobryting, sekkehopp og springe kupert løype på idealtid, opplyser Vedvik.

Mykje folk på toppen når motbakkeløpet Trollenykjen opp vert arrangert Foto: privat

Lokal favoritt

I konkurranseklassa er Trym Lødøen, Haugen IL, blant dei største favorittane.

– Han vann herreklassa i 2022. I kvinneklassa var det Irene Svidal som vann i fjor. Ho vil nok vere heilt i toppen også i år., meiner Vedvik.

Rekord for herrar har Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg IL. Han kom seg opp på toppen på 33.37 i 2019.

Det er heilt utruleg fort.

– Det er heilt utruleg fort, meiner Vedvik, som let seg imponere.

Karoline Holsen Kyte sin rekord i dameklassa kom i 2017 med tida 38.44.

– Begge rekordane er svært vanskelege å slå. Både Ludvigsen og Kyte er blant dei beste motbakkeløparane i Noreg, fortel Vedvik.

Årets utgåve av Trollenykjen Opp er den 12. i rekka.