− Resultata Regine har oppnådd er ikkje mindre enn veldig imponerande. Skyting er ein stor sport internasjonalt. Under EM i Tallin deltok dei feste land i Europa og det seier ein del om prestasjonen. I tillegg til EM-gullet for lag, vart også Regine nummer fire i den individuelle halvmatch-konkurransen, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo i sin tale til Regine.
Nest størst
− Skyting er den nest største idrettsgreina i verda. Berre fotball er større, sa Leiv Reksten, leiar i Nordfjord skyttarsamlag, som overrekte ein pengepremie til den nybakte europameistaren. Kjell Magne Åshamar, ungdomskontakt i Nordfjord Skyttarsamlag, understreka også prestasjonen til Regine.
− Du skal vite at vi er veldig stolte av det du har oppnådd, sa Åshamar som overrekte blomar til Regine.
Meir om denne saka finn du i avisa fredag.